Hopp til innhold

Kranglar om vaksinering av borna

Svineinfluensavaksinen er årsak til usemje blant foreldre.

Vaksinasjon av barn

USEMJE: Medisinsk behandling er noko mange har sterke meiningar om. Illustrasjonsfoto.

Foto: Yngve Tørrestad / NRK

Mange skilde foreldre har delt foreldreansvar, og dei er gjerne ueinige om dei skal vaskinere borna eller ikkje, skriv avisa Fjordingen.

På Familiekontoret i Nordfjord i Sogn og Fjordane har dei opplevd eit rush av slike saker.

– Det vart faktisk såpass omfattande at vi tok saka opp med Fylkesmannen sin sjefsjurist, seier psykolog og terapeut Karen-Merete Bruland.

(Artikkelen held fram under)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

- Éin kan ta avgjersla

Svaret Familiekontoret fekk, var at den av foreldra bornet bur fast hjå har rett til å avgjere spørsmålet om vaksine. Dette utan at det er gitt samtykke frå den andre.

Grunngjevinga er at sentrale styresmakter har råda alle til å ta vaksine.

– Sidan det normalt heller ikkje er alvorlege biverknadar av vaksinen, fastslår vi at den eine av foreldra kan ta avgjersla i slike spørsmål, seier Bruland.

- Ikkje berre skilde foreldre

Bruland seier at det ikkje berre er skilde foreldre som kranglar om vaksinering av borna.

– Men skilde foreldre er gjerne ueinige om mange ting i utgangspunktet, og medisinsk behandling er noko mange har sterke meiningar om.