NRK Meny
Normal

Kranglar om rekninga

Kommunerevisjonen i Nordfjord krev 140 000 kroner for ekstraarbeidet med å gå gjennom skutefesten i 2008. Vågsøy kommune nektar å betale - og meiner heile Nordfjord må vere med å betale.

Kveldssteming under Tall Ships Races i Måløy
Foto: Eva Westvik / NRK

Det er full krangel om kven som skal dekkje rekninga etter at Kommunerevisjonen i Nordfjord gjekk gjennom festen som gjekk 15 millionar kroner i underskot. Arbeidet gjorde at budsjettet til kommunerevisjonen sprakk i fjor.

- Vi meiner utgiftene må betalast der utgiftene oppstod, og at Vågsøy kommune må ta rekninga, seier styreleiar i Ole Are Ytrehorn.

Vart ikkje varsla

Styreleiaren fryktar folk kan oppfatte det litt frekt dersom heile Nordfjord må vere med å betale den siste Tall Ships Races-rekninga. Noko som er einaste alternativ sidan kommunerevisjonen ikkje har eigenkapital å bruke. Rådmannen i Vågsøy har ingen med å forstå at nabokommunane vil reagere.

- Men det er ikkje god nok grunn for oss å gje etter i denne saka så lenge vi ikkje fekk beskjed om at det ville komme ei ekstrarekning. Det trur eg ikkje nokon ville godteke om det gjaldt deira eigen økonomi, seier Ørjan Raknes Forthun.

- Var det ekstra?

Kommunerevisjonen er eigd av alle kommunane i regionen, som deler på utgiftene ved drifta. Forthun seier dei klagar på rekninga fordi kommunen ikkje fekk opplyst om at den ville kome. Han stussar på om gjennomgangen var noko ekstraarbeid i det heile.

- Vi har hatt store investeringsprosjekt, mellom anna ein sjukeheim til 130 millionar, utan at det medførte ekstrarekning på revisjonen, seier han.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser