Hopp til innhold

Kranglar om kven som bør eige Kystvegen

Har dei raudgrøne parkert Kystvegen eller har dei rett i at fylkeskommunen er ein betre eigar? I dag møttest Bjørn Hollevik frå Høgre og Sigurd Reksnes frå Senterpartiet til debatt.

Sigurd Reksnes og Bjørn Hollevik

KVEN ER BEST SOM VEGEIGAR, STATEN ELLER FYLKESKOMMUNEN: Sigurd Reksnes (Sp) og Bjørn Hollevik (H) er ikkje samde.

Foto: Montasje: Sindre Sunde Tveit/Oddleif Løset / NRK

– Eg og alle som heiar på Kystvegen er veldig skuffa. Eit samstemt styre i Kystvegen vil ha den som riksveg, men no blir ein i staden ståande på eit sidespor, seier Bjørn Hollevik.

For Kystvegen blir ikkje statleg likevel. Organisasjonen som jobbar for vegen mellom Ålesund og Bergen har ivra for at staten skal ta over som eigar, og gjere den til riksveg. Det trur dei vil føre til fortgang i bygginga.

Men det raudgrøne fleirtalet i fylkesutvalet sette foten ned i går. Dei meiner fylkeskommunen er ein betre eigar.

– Vi meiner at det vedtaket som vart gjort i fylkesutvalet onsdag er det som sikrar den beste framdrifta for å få bygt Kystvegen, seier Sigurd Reksnes (Sp).