NRK Meny
Normal

Kranglar om kva skulestorleik betyr for læring

At Sogn og Fjordane gjer det bra på nasjonale prøver, er ei kjend sak. Men årsaka til det, er det usemje om.

Elevane Tora Bjørhusdal og Jasmin Kageni Namu

USEMJE OM SKULERESULTAT: Her i fylket er det mange små skular, som her på Jostedal oppvekstsenter i Luster. Men er det forklaringa på dei gode skuleresultata?

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Göran Söderlund

BRANNFAKKEL: Høgskuleprofessor Göran Söderlund meiner små skular ikkje er forklaringa på kvifor elevar frå Sogn og Fjordane leverer toppresultat på nasjonale prøvar.

Foto: Høgskulen i Sogn og Fjordane

Det har blitt kalla eit paradoks. Elevar i Sogn og Fjordane er heilt i toppen på nasjonale prøver, sjølv om inntekts- og utdanningsnivået i fylket er lågare enn snittet i resten av landet.

Professor i spesialpedagogikk ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Göran Söderlund, er ein av dei som har forska på korleis dette heng saman.

Og svaret?

– Ja, det var nettopp det. Vi har fått ei rekkje ulike forslag på svar. Men kanskje eg skal snu på det og spørje: kva er det som ikkje gjer det?, seier Söderlund.

Store sprik i resultata

Då Söderlund byrja å studere fenomenet, var det nemleg mange som meinte dei sat på fasiten.

– Alle veit liksom kva det handlar om, nemleg at det finst så mange små skular i Sogn og Fjordane.

Han ville difor finne ut om dette faktisk stemmer. Er det slik at storleiken på skulane her i fylket forklarer kvifor elevane gjer det så bra?

– Det kan eg seie er heilt feil, skulestorleik har ingenting å seie for resultatet på nasjonale prøver. Derimot kan vi sjå at variasjonen i resultat er mykje større på små skular. Dei absolutt beste resultata finn vi på små skular, men òg dei absolutt verste, seier han.

Söderlund kom med andre ord fram til det motsette av den etablerte sanninga. Men dette synet har skapt reaksjonar. Me skal ikkje lenger enn til nabokontoret på høgskulen før pipa har ein annan lyd.

Kristoffer Melheim er førstelektor emeritus og forkjempar for småskulane. Med førti års erfaring frå lærarutdanning og forsking i fylket, er han klar i si sak.

– Den beste skulen for elevane, er skulen i bygda der dei bur, seier han.

Talar småskulane si sak

Han kjem med krass kritikk med resultata av prosjektet, slik Söderlund har samanfatta dei i avisinnlegget: «Det finst ikkje noko samband mellom skulestorleik og skuleresultat. Dermed basta!»

Melheim har korkje tru på metoden eller grunnlaget for denne sterke påstanden.

– Han seier dette er basta, «end of story». Men så enkelt er det ikkje, seier Melheim.

Han meiner viktige faktorar blir sett vekk frå, når nasjonale prøver er utgangspunktet for argumentasjonen. Han ser mange fordelar med småskulane.

– Eg har peika på, og mange med meg, at dei har sett for lite på skule og samfunn i ein større samanheng. Det er mange andre faktorar og kvalitetar som er viktige, seier Melheim.

Melheim at småskulane er eit premiss for dei gode resultata elevane i fylket syner.

– Viss ein ikkje sentraliserer for mykje, slik at ikkje for mange elevar får lang skulereise, så vil eg tru at dette kan fortsetje framover, seier han.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast