Hopp til innhold

Kranglar om kaiplass

Kapasitetsproblem ved kaien i Gudvangen gjer at selskapet Fjord2 må droppe bilar på sin siste ferjetur frå Kaupanger i sommar. Aurlendingen skriv at selskapa The Fjords og Fjord2 ikkje har blitt samde om bruk av ferjekaien i Gudvangen på kveldstid. Aurland Hamnevesen har difor gripe inn og sagt at det er The Fjords sin båt som skal ha prioritet etter klokka 19.30.