Hopp til innhold

Kranglar om fjordkryssing

– Den reelle skilnaden på brukryssing av Nordfjorden i indre eller midtre, er 2,2 milliardar og ikkje seks slik Statens vegvesen legg til grunn. Det hevdar Mats Andersson, som er dagleg leiar i Nordfjordkryssing AS.

Svein Sunde, Mats Andersson

USAMDE OM FJORDKRYSSING: (Tv) Svein Sunde, dagleg leiar i Gode Vegar A/S og Mats Andersson, dagleg leiar i Nordfjordkryssing AS,

Foto: FOTOMONTASJE: Trond Vestre, NRK/privat

Nordfjordkryssing AS kjempar for det midtre alternativet og Andersson meiner ein må sjå på prisen på dei to alternativa utan legge til moms.

– Momsen er i dette tilfelle noko som går frå staten til staten så det må trekke ut, og då snakkar vi om ein milliard berre der.

I tillegg stiller han spørsmål ved at det er lagt inn investeringar som kanskje skal skje, som går på fylkesvegar i forhold til riksvegar. Vidare meiner han at flytebruteknologi gjer det mogleg å redusere kostnaden for det midtre alternativet med opp mot 1,6 milliardar kroner.

– Dette gir ein reell forskjell mellom dei to alternativa på 2,2 milliardar, ikkje seks slik Statens vegvesen har lagt til grunn.

Har sett på 40 og 75 år

I utrekningane som blei presentert i førre veke vil vegen gjennom Stryn med den ferdigbygde Kvivsvegen, koste om lag åtte milliardar kroner frå Skei til Ørstafjorden. Til samanlikning vil midtre linje med bru Anda–Lote og bru over Austefjorden i Volda koste 12 milliardar. Det andre alternativet for midtre linja med bru nærare Folkestad, kjem på totalt 14 milliardar kroner.

Forskjellen mellom sistnemnde alternativ og indre linje blir dermed på seks milliardar kroner. Vegvesenet har også rekna på samfunnsnytten. For Skei – Volda kjem indre linje best ut i eit 40-års perspektiv. I eit 75-årsperspektiv er det midtre med bru aust for Folkestad som kjem best ut.

Stolar på Statens vegvesen

Svein Sunde

STOLAR PÅ STATENS VEGVESEN: Svein Sunde, dagleg leiar i Gode Vegar A/S.

Foto: Privat

Svein Sunde som er dagleg leiar i Gode Vegar A/S som jobbar for det indre alternativet via Stryn, er ikkje samd i utrekningane til Nordfjordkryssing AS.

– Nei eg har full tillit til at dei tala Statens vegvesen har lagt fram er reelle. Momsen må reknast ut av det totale investeringsbeløpet, fordi det er det som må løyvast over statsbudsjett.

Ikkje overraskande held Sunde fast på at det er det indre alternativet som er det beste for samfunnet.

(SAKA HELD FRAM UNDER KARTET)

E39 alternativa gjennom Nordfjord

ALTERNATIV: Det er stor spenning på kva alternativ statsråd Ketil Solvik-Olsen landar på når det gjeld kvar E39 skal gå i framtida.

Foto: Statens vegvesen

– Eg trur Statens vegvesen sine tal er rette, og eg trur og at forskjellane kjem til å bli større når vi kjem lenger ut i prosjektet.

I Nordfjordkryssing AS meiner Andersson at forskjellane snarare blir mindre dersom ein reknar inn at ved å velje indre må halde fram med å betale ferjebillettar i 40 – 70 år. Det blir ei ekstrarekning på tre milliardar for samfunnet.

– Dei pengane kunne ein brukt til å finansiere vegen dersom E39 går i midtre, det kan ein ikkje dersom ein vel det indre alternativet.

Sunde på si side meiner det indre alternativet kjem best ut både på kort og lang sikt, dersom ein reknar Netto nytte per budsjettkrone, slik ein gjer når det over offentlege budsjett.

– Då er E39 i indre suverent best i netto nytte både ved 40, 60 og 75 år.

Litt lenger ute i Nordfjorden ser reknestykket litt annleis ut.

– Mitt råd til Solvik-Olsen blir å velje det midtre, det er den beste investering for nasjonen Norge. Det er regional utvikling og du kjem betre ut av det investeringsmessig i forhold til kost nytte og der ein bind landet saman og skapar moglegheiter for effektivisering, seier Andersson