Hopp til innhold

Helse Førde skuldar på kommunen og kommunen på Helse Førde - no hastar det for ambulansestasjon

Helse Førde og kommunen er i tottane på kvarandre over den nye ambulansestasjonen i Eid. Og no hastar det for helseføretaket.

Nordfjord Sjukehus

KRØLL: Helse Førde har venta i åtte månader på å få godkjend løyve til å byggje om den svært mangelfulle ambulansestasjonen på Nordfjordeid.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Rot med ein søknad gjer at den nye ambulansestasjonen i Eid framleis ikkje er byrja på. Åtte månader etter at Helse Førde søkte om byggjeløyve.

Helse Førde skuldar Eid for dårleg forvaltning og for å trenere byggesaka med stadig nye spørsmål. Kommunen derimot meiner søknaden er ufullstendig.

– Det har teke lang tid å få inn dokumentasjonen som skal til for at kommunen kan gje noko løyve. Det er krav til ein søknad, og det har vore problematisk i denne saka, seier Elin Leikanger, konstituert rådmann.

Ikkje godkjend

Helse Førde vil ikkje kommentere saka før den er ferdigbehandla, men skriv i eit brev til kommunen at det no hastar med å få godkjend søknaden om ein ny ambulansestasjon på Nordfjordeid.

– Som de kjenner til har eksisterande ambulansestasjon så mange manglar at den ikkje er godkjent av Arbeidstilsynet. Av omsyn til våre tilsette vil vi understreke at det no hastar å få komme i gang med, skriv føretaksjurist Bård Eikeset til kommunen.

Helseføretaket viser også til at dei skal gjennomføre ei tilsvarande ombygging i Lærdal. Der tok det sju dagar å få søknaden godkjent.

Manglar dukka opp

Eid minner på si side om at eit løyve i strid med plan og bygningslova, vil vere eit ugyldig løyve.

I eit brev skriv Plan- og utviklingssjef Kristine Dahl at søknaden dei allereie i juni fjor gjorde Helse Førde merksame på manglar. Sidan er søknaden supplert og nye manglar har dukka opp.

– Til dykkar orientering handsamar vi jamleg søknader om tiltak på Nordfjord Sjukehus, utan at desse søknadane har innehalde tilsvarande mangelstilhøve som i denne, skriv Plan- og utviklingssjef Kristine Dahl.