NRK Meny
Normal

Krangla om flyplass-framtid på oppheita møte

Det blei høg temperatur under eit møte mellom kommunane og Avinor om framtida for småflyplassane måndag. Avinor ønska ei rask tilbakemelding frå kommunane, det likte ordførarane særs dårleg.

Førde Lufthamn Bringeland

TIL VURDERING: Førde lufthamn Bringeland er ein av flyplassane Avinor vurderer framtida til.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Alle ordførarane i småflyplass-kommunane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal var i dag samla til eitt møte i Florø.

Der la Avinor fram arbeidet sitt så langt i høve å vurdere framtida for flyplassane, mellom anna at dei vil vurdere ulike modellar. Men då Avinor bad om ei tilbakemelding innan 1. desember på arbeidet så langt, blei ordførarane arge.

– Det stemmer nok bra at det blei høg temperatur på møtet. Men ei endring i flyplasstrukturen vil vere dramatisk for oss, sjølv om det er langt fram. Dei får heller kome att når vi har vegar og infrastruktur til å klare oss med færre flyplassar, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap).

Vurderer ulike løysingar

Under møtet la Avinor fram tre moglege løysingar for framtida for flyplassane. Ei løysing der det blir slik som i dag med fire flyplassar, ei løysing der ein kuttar Sandane lufthamn og ei løysing der ein kuttar Sandane og Førde eller Sogndal.

– Eg hadde kanskje venta enda høgare temperatur på møtet, men det er viktig for oss å få i gang ein diskusjon om dei ulike moglege løysingane. Men ingenting er bestemt, og det var vi kanskje litt utydelege på å kommunisere til dei som var på møtet, seier prosjektleiar Lars Draagen i Avinor til NRK.

– Utydeleg og uryddig måte

Det er ordførar i Førde, Olve Grotle (H), aldeles samd i. Han meiner at Avinor greidde å framstille saka på ein utydeleg og uryddig måte.

– Det blei nærmast framstilt som at det var klare alternativ som vi måtte ta stilling til innan berre ein månad. Men etter kvart kom det fram at det ikkje var slik. Tvert om så var det meir førebelse tankar dei hadde gjort seg, og som vi no skal kome med ein førebels tilbakemelding på, seier Grotle til NRK måndag kveld.

Lang prosess før avgjersle

Det er ein lang prosess som flyplasskommunane og Avinor er i startgropa på. Først i 2016 vil ein nærme seg ein konklusjon i planarbeidet, før regjeringa skal ta dette inn som ein del av Nasjonal transportplan frå 2017 til 2027.

– Prosessen skal så gå sin vante gang, med meir normale høyringsfristar. Men når det er sagt, så er det all grunn til å uttrykkje uro for dei førebelse tankane som Avinor har gjort seg, meiner ordføraren i Førde.

Vegopning på Bergum i Førde kommune