Semifinalekampen mellom Førde og Høyanger gjekk i stå på grunn av diskusjon rundt stygge taklingar. Dommaren vurderte til slutt å utvisa totalt fire spelarar, fortel arrangementsansvarleg Anders Skreien.
- Men sidan ingen hadde draktnummer, så vart det vanskeleg for dommaren å seie sikkert kva for spelarar som skulle ut.
Så resultatet vart at ingen vart utviste, seier han.
- Temperamentet tek over
Skreien tykkjer det er synd at slikt skjer. - Dette er ei turnering for vennelag, og vi prøver å halde alvoret borte. Men det er ingen fotballspelarar som likar å tape når ein føler at noko blir urettferdig, så då tek temperamentet ofte over, seier han.