Hopp til innhold

Krangel mellom E16-kommunane

Kommunane langs E16 blir ikkje einige om kva dei skal meine i høyringa om stamvegen mellom Austlandet og Vestlandet.

Åshild Kjelsnes

MISNØGD: Åshild Kjeldsnes er ikkje nøgd med høyringssvaret E16-kommunane leverte til Regjeringa si høying om aust/vest-stamvegen.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Me meiner at dette høyringssvaret ikkje svarte direkte på det ein er bedt om.

Det seier Åshild Kjelsnes, varaordførar i Sogn og Fjordane Fylkeskommune og medlem av arbeidsutvalet til Stamvegutvalet.

Tidlegare denne månaden kom Stamvegutvalet med eit høyringsutsegn der dei talar på vegner av heile utvalet, som inkluderer Sogn og Fjordane Fylkeskommune og 16 kommunar langs E16. Aurland, Sogndal og Lærdal kommune er alle medlem.

– I ettertid av høyringssvaret er det fleire frå Sogn og Fjordane som meiner at ein ikkje svarte på det Regjeringa spurde om innspel til, seier Kjelsnes.

Kart over foreslåtte fjelloverganger i Sør-Norge

AUST-VEST-VEGAR: Regjeringa har bestemt at europaveg 134 over Haukeli skal vera sørleg hovudtrase. Kampen om den nordlege står mellom riksveg 7 over Hardangervidda og riksveg 52 over Hemsedalsfjellet.

Foto: NRK

Har svart på alt

– Me meiner me har gått inn i oppgåva og svart på den, og at E16 er den naturlege nordlege traseen, seier Vidar Eltun, leiar i Stamvegutvalet.

Men er det ikkje slik at E16 ikkje er eit alternativ lengre?

– Regjeringa og vegvesenet har sagt at E16 ikkje er aktuelt, men Stortinget skal gjere eit vedtak til våren, og då er E16 framleis eit alternativ, seier Eltun.

Vidar Eltun i Vang

HAR GJORT JOBBEN: Vangordføraren meiner utvalet har gjort jobben sin, og svart på det dei fekk spørsmål om. Her står han framfor E16 som går gjennom Vang.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Dei må hugse på at dei sit i E16-utvalet. Å fremje rv. 52 sine interesser, det kan dei gjere i andre interesseorganisasjonar.

Vidar Eltun

Nådde ikkje fram

Jan Geir Solheim

MISNØGD: Solheim er misnøgd med delar av Stamvegutvalet si høyringsutsegn.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Stamvegutvalet sitt høyringsutsegn talar på vegner av dei tre fylkeskommunane og 16 kommunane som er representerte. Sjølv om nokre representantar arbeidde mot andre formuleringar i utsegna, og ikkje nådde fram, står deira kommune på lista av sendarar.

– Eg som sit i arbeidsutvalet har forsøkt å påverke høyringsuttalen til Stamvegutvalet, men har ikkje greidd det, seier Jan Geir Solheim, ordførar i Lærdal kommune.

Han meiner utvalet burde ha teke til orde for riksveg 52 over Hemsedalfjell i utsegna.

– Det blir feil å levere ein uttale frå Stamvegutvalet utan å nemne fortrinna av å nytte riksveg 52, difor har me reagert, seier ordføraren.

Stamvegutvalet sitt høyringsutsegn

PÅ VEGNER AV ALLE: Her er høyringssvaret frå Stamvegutvalet. Fleire involverte meiner dei ikkje har fått fram si stemme i utsegna.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / Illustrasjon

Har fått moglegheita til å påverke

– Eg føler at kritikken blir litt feil, i og med at dei fekk tilbod om å komme med endringar, seier Eltun.

Heile Stamvegutvalet har blitt invitert på telefonmøte.

– Det var nokre av oss som ikkje hadde anledning til å vere med på (det siste) telefonmøtet, og me ikkje fekk gehør for andre synspunkt, seier Åshild Kjelsnes.

Det har vore opent for å komme med endringsforslag, fortel Eltun.

– Men sidan ingen endringsforslag kom inn innan fristen, sende me høyringssvaret ut på vegner av Stamvegutvalet.

– Vår haldning til dette er å fremje E16 sine interesser, og ikkje ta valet mellom rv. 7 eller riksveg 52, avsluttar Eltun.

Stortinget skal gjere vedtak om vegen i juni 2017.