Hopp til innhold

Har bestemt seg for å ikkje ta attval - halvtanna år før neste val

Ordførar i Solund, Ole Gunnar Krakhellen, varsla i går årsmøtet til Solund Høgre om at han ikkje kjem til å ta attval som ordførar ved neste val.

Ole Gunnar Krakhellen

HØGDEPUNKT: Solund-ordførar Ole Gunnar Krakhellen er klar på at ordførarvervet til no har vore eit høgdepunkt i yrkeskarrieren hans.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Sjølv om det å vere ordførar i Solund er ein av dei mest interessante jobbane eg kan tenkje meg, så er det også eit krevjande verv som inneber mykje reising. Det føler eg er vanskeleg å kombinere med det å vere i ein etableringsfase i livet, seier Krakhellen.

– Det er ei heilskapleg vurdering, både frå meg og mine næraste. Eg har funne ut at å ta på seg ein ny fireårsperiode, det er ganske langt fram. Difor tykte eg det var rett å seie at eg gir meg no, seier Krakhellen.

Inga lett avgjerd

Han understrekar at det ikkje er mistrivsel som gjer at han ikkje går på fire nye år ved neste kommuneval.

– Eg har ein kjekk periode som ordførar, og eg har framleis halvtanna år att der eg kan jobbe for Solund og ei god utvikling der, seier Krakhellen.

Han innrømmer at det var ei avgjerd som ikkje var lett å ta.

– Eg har diskutert dette med dei eg har rundt meg i ei tid. Det har ikkje vore lett, men eg trur det er ei rett avgjerd. Det gjer det litt lettare, seier Krakhellen.

Han understrekar at han kjem til å gje alt dei siste halvtanna åra han har att til valet.

– Grunnen til at eg gir melding no, er fordi eg ønskjer at både eige parti og dei andre partia i Solund skal få god tid til å finne ordførarkandidatar, skriv Krakhellen.

Vil spele med opne kort

Han er klar på at han ønskjer å signalisere dette såpass tidleg for å gje politikarane i Solund god tid til å finne nye kandidatar til valet.

– Det er mest rettferdig, når eg har konkludert, at eg gjer det kjent no. Då kan dei starte arbeidet med å finne ordførarkandidatar, seier Krakhellen.

Han peikar på at nominasjonstida går fort, og at når han først har bestemt seg, så er det ingen grunn til å ikkje signalisere det utad.

– Eg likar å spele med opne kort, seier Krakhellen.

Han fortalde om avgjerda si først på årsmøtet i Solund Høgre måndag, der mange nok fekk seg ei overrasking.

– Eg trur dei vart litt overraska, men dei forstod kva eg meinte med at dette er eit verv som tek mykje tid. Sjølv om Solund er ein liten kommune, så trur eg ikkje det tek mindre tid enn i ein større kommune, seier Krakhellen.

Trur ikkje han mistar piffen

– Du er ikkje redd for at du kjem til å miste piffen no?

– Snarare tvert imot. No veit eg at eg berre har eit og eit halvt år att som ordførar, så då må eg gjere det meste ut av kvar einaste dag, seier Krakhellen.

Nøyaktig kva han skal drive med når han er ferdig som ordførar, har han ikkje konkludert med.

– Eg tippar at eg skal klare å fylle dagane, men eg har no litt tid å tenkje på, seier Krakhellen, som sjølv om han er ung, har eit langt liv bak seg i politikken.

– Eg er glad for at sjølv om eg har vore politisk aktiv sidan eg var 16 år, så har eg også fokusert på å ta utdanning. Eg har lektorutdanning i engelsk å falle tilbake på, så eg er ikkje så redd for framtida, seier Krakhellen.