Hopp til innhold

Kraftlinjevedtaket kan vere lovbrot

Bård Vegar Solhjell sitt vedtak om å leggje kraftlinja gjennom Sørdalen naturreservat kan bli kjent ugyldig.

Bård Vegar Solhjell

KRAFT FØRST: Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell gjekk imot Fylkesmannen si innstilling og vedtok å la kraftlinja gå gjennom det freda naturreservatet i Sørdalen.

Foto: NRK

Førsteamanuensis i miljørett ved Universitetet for miljø- og biovitskap i Ås, Nikolai K. Winge, meiner det er gjort lovbrot i saka. Det skriv Bergens Tidende.

– Vedtaket byggjer på ei feil lovforståing. Slik eg ser det er vedtaket ugyldig. Skal linja byggjast i dette området, må fredinga av reservatet opphøyre, seier Winge.

Gav klarsignal

Kraftlina gjennom Sørdalen barskogreservat i Bremanger.

OMSTRIDD: Det har vore ein lang kamp om kraftlinja skal leggjast her gjennom Sørdalen naturreservat eller ein annan stad.

Foto: Fylkesmannen

Linja gjennom Sørdalen naturreservat i Bremanger er mellom dei mest omstridde i Sogn og Fjordane, og har blitt påklaga av både grunneigarar og Statnett.

For om lag tre veker sidan gav miljøvernminister Bård Vegar Solhjell (SV) klarsignal til Statnett om å leggje linja gjennom naturreservatet.

No kan altså vedtaket bli kjend ugyldig dersom Winge har rett. Måndag skal han forelese om saka for fagmiljøet på Juridisk fakultet i Oslo.

– Innanfor lova

Statssekretær i Miljøverndepartementet, Ellen Øseth, avviser kritikken ovanfor avisa.

– Omsynet til kraftsituasjonen gjorde det naudsynt å gi dispensasjon. Vi meiner tolkinga er innanfor lova, seier Øseth.

Winge trur derimot grunneigarane i Sørdalen har gode sjansar når dei no går til retten for få erklært vedtaket til departementet ugyldig.