Hopp til innhold

Kraftstasjon evakuert etter røykutvikling

Eit kraftverk i Eringsdalen i Høyanger vart i ettermiddag evakuert på grunn av røykutvikling.

Eringsdalen

Det var Hydro i Høyanger som like over klokka 1230 meldte frå om røykutviklinga ved kraftstasjonen. Ifølgje politiet kom røyken truleg frå eit aggregat.

Både brannvesen, politi og ambulanse var raskt framme.

– Eit fåtal personar var inne i anlegget, men dei kom seg relativt raskt ut frå stasjonen, seier vaktleiar Dan Inge Gjesdal ved alarmsentralen i Florø.

Industrivernet frå Hydro var framme etter få minuttar.

– Dei er no inne med røykdykkarar for å finne ut kva som er årsak til røyken, seier Gjesdal.

Klokka 14 meldte politiet på Twitter atbrannvernet har kontroll og at naudetatane avsluttar på staden. Saka blir følgd opp ved Høyanger lensmannskontor.