Hopp til innhold

Kraftselskapa jobbar på spreng

Store deler av Sogn og Fjordane er framleis utan straum etter stomen «Dagmar» sine herjingar.

Strømmåler illustrasjon
Foto: Fjeldstad, Knut / SCANPIX

Klokka 15 var ståa slik hos kraftselskapa:

Sogn og Fjordane Energi:

  • Heile Stryn, Hornindal, Vågsøy, Selje og Eid er heilt utan straum.
  • Store delar av Gloppen, Askvoll, Bremanger er utan straum.

Klokka 12.20 fekk Florø sentrum straumen att.

– Det er framleis svært vanskeleg å seie når dei enkelte områda vil kunne ha att straumen. SFE arbeider kontinuerleg med å lokalisere feil og å kople om nettet der dette let seg gjere, opplyser kommunikasjonsdirektør Kai Petter Sårheim.

Sunnfjord Energi:

  • Mange av grendene rundt Førde er utan straum. Sjølve byen har stort sett fått straum.
  • Heile Naustdal og heile Jølster har vore utan straum.
    SISTE: Klokka 15 kom straum og mobiltelefondekning attende på Vassenden.
  • I Gaular har berre Sande og området opp mot Myrmel straum.
  • Fjaler, Hyllestad og Solund blir forsynt med straum frå aggregat på separat straumnett.
  • Høyanger skal stort sett vere feilfritt.

– Vi har no vore på synfaring med helikopter saman med SFE langs linja frå Moskog til Florø, og vil jobbe med å rydde tre langs traséen, opplyser nettsjef Helge Robert Midtbø i Sunnfjord Energi.

Kraftselskapet jobbar også med å få i gang att linja mellom Førde og Naustdal.

– Per no lever vi på linja frå Høyanger via Moskog og Tefre. Den er oppe og går, seier Midtbø.

Kraftselskapet ber folk forvente kortare utkoblingar utover dagen i heile området, i samband med linjereparasjonar.

Sognekraft:

  • Sogndal sentrum har struam, Kaupanger, Sogndalsdalen og Fjærland er utan straum.
  • Heile Leikanger og heile Balestrand er straumlaust.
  • I Vik har berre Vik sentrum straum. Resten av kommunen er ute.

– Vi har alt tilgjengeleg mannskap ute, men det er mykje tre på linjene. Det er vanskeleg å seie når straumen vil vere tilbake, seier Vidar Øvretun i Sognekraft.

Luster Energi:

  • Store deler av Luster er utan straum.
  • Dei større tettstadane har straum men Veitastrond, deler av Jostedalen, Solvorn, Sørsida frå Ornes til Sørheim og Mørkridsdalen får ikkje straumen att andre juledag.

– Vi er no i ferd med å få kopla inn att deler av Hafslo og håpar å ha heile området oppe i løpet av kvelden. Dermed har ein fått straum i alle dei større tettstadane, opplyser e-verksjef Anders Molland i Luster Energi klokka 14.50.

15 mann er kalla ut for å få i gang att straumforsyninga.

På grunn av straummangel er også pumpene ved Hafslo og Solvorn vassverk i ferd med å ebbe ut.

– Dette råkar 1600 innbyggjarar på Hafslo og i Solvorn. Det blir jobba med å køyre til vatn, men vi ber folk spare litt på vatnet, seier ordførar Ivar Kvalen (Sp) til NRK.no.

Har du ytterlegare opplysningar? Tips oss på sf@nrk.no eller ring 57 72 42 42.