Hopp til innhold

– Vi kan ta imot store vassmengder

Medan Sør- og Austlandet fryktar storflaum, meiner kraftselskapa på Vestlandet at dei har god kapasitet før mildvêret set inn.

Trysilfossen Gloppeelva, januar 2018

NORMAL SITUASJON: – Som vi ser det no har vi god plass og ein relativ normal situasjon, seier produksjonsplanleggar i Sogn og Fjordane Energi (SFE), Per Erik Eimhjellen. Her frå Trysilfossen i Gloppeelva i januar i år.

Foto: SFE

Allereie i slutten av mars blei Mjøsa tappa ned for å hindre storflaum. På Vestlandet melder derimot fleire kraftselskap om god kapasitet i vassmagasina før mildvêret og snøsmeltinga set inn.

Under normalen

– Vi har hatt ein relativ tørr og kald vinter med lite tilsig, så magasina våre er no under normalen, fortel produksjonsplanleggar i Sogn og Fjordane Energi, Per Erik Eimhjellen.

– Snøsituasjonen er litt over normalen i vårt område. Med normal snøsmelting har vi plass til den snøen. Utfordringa er dersom snøsmeltinga blir utsett nokre veker, og ein får ein situasjon med regn og mildt vêr som gjer snøsmeltinga meir heftig.

Skulle det skje, vil SFE tappe ned enda meir av magasina for å kunne ta imot vassmengda som kjem. Statkraft melder om normalsituasjon i sine vassdrag.

– Generelt for alle kraftprodusentar er at vi er i ein periode der vi har vore gjennom ein lang vinter, magasina er godt nedtappa og i stand til å imot store vassmengder, seier Kåre Hønsi, produksjonssjef i Statkraft Energi region Midt-Noreg.

Kåre Hønsi, Statkraft

MEIR SNØ I LÅGLANDET: Kåre Hønsi, produksjonssjef i Statkraft Energi region Midt-Noreg, seier det er meir snø i låglandet enn i eit normalår.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Han meiner det spesielle i år er at det har kome meir snø i låglandet samanlikna med eit normalår. I høgfjellet har tilfanget vore som normalt.

– Uansett kva vêr vi hadde fått framover no, så er vi slik i sum av snømagasin og nedtapping av magasin at det ikkje er nokon grunn til bekymring.

Ønskjer roleg smelteperiode

Også kraftselskapet BKK i Bergen melder om ein god situasjon i sine vassdrag.

– Vi har hatt ein vinter med god og høg produksjon så dei fleste magasina er godt nedtappa, seier divisjonssjef i BKK Erik Spildo.

– Enkelte år kan det bli veldig mildt og større nedbørsmengder, og då kjem snøsmeltinga fort. Vi er budde på begge delar, men vi ønskjer jamn snøsmelting så vi kan ta vare på mest mogleg vatn i magasina til produksjon seinare på året.

Aust- og Sørlandet mest utsett

Regiondirektør i NVE Brigt Samdal fortel at Austlandet og Sørlandet er meir utsette for flaum på vårparten, og at det i desse områda er meir aktiv nedtapping enn andre stader.

– For Vestlandet sin del er ikkje snøsmelteflaumane dei største flaumane vi pleier oppleve. Dei pleier vi ha på hausten når det er tunge nedbørsperiodar.

Brigt Samdal, NVE

FØLGJER MED: For Vestlandet sin del er ikkje snøsmelteflaumane dei største flaumane vi pleier å oppleve, seier regiondirektør i NVE, Brigt Samdal.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Vi har jamt over litt meir snø i fjellet no enn når vi samanliknar med dei siste 30 åra. Samtidig er det ingen store rekordsituasjonar.

Regiondirektøren seier det kritiske vil vere om det kjem sterk temperaturauke kombinert med nedbør.

– Det er det som gir flaumproblematikk, òg for Vestlandet kan det gi utfordringar når det gjeld snøskredproblematikk, som kanskje vi er litt meir bekymra for.