NRK Meny
Normal

Kraftselskapa aukar beredskapen før uvêret råkar fylket laurdag

Fleire av kraftselskapa i Sogn og Fjordane aukar beredskapen for å vere budde til det varsla uvêret slår innover fylket laurdag.

Strømledninger over Sognefjorden

RÅKA HARDT: Ein montør frå Sognekraft på jobb etter orkanen Dagmar sine herjingar i 2011.

Foto: Tor Yttri / SCANPIX

NRK har vore i kontakt med fleire av kraftselskapa i fylket, og mellom anna har Stryn Energi no gått inn i beredskapsmodus. Alle tilsette skal vere tilgjengelege i helga, og vere klar til å rykkje ut på kort varsel.

– Vi har no sett såkalla gul beredskap, og det har vi gjort ut frå erfaringane etter Dagmar. Dagmar blei mykje verre enn det varselet skulle tilseie, så vi synest det er betre å vere føre var i tilfelle dette skulle bli verre enn det som er varsla, seier energisjef i Stryn Energi, Jan Træen til NRK.

Blir svært dårleg vêr

Det er meldt kraftig vind laurdag, og ved Stad kan vinden kome opp i orkan styrke, opplyser statsmeteorolog Frode Hassel til NRK.

Det er snakk om ein liten storm på kysten, kanskje full storm. Så frå i morgon tidleg slår vinden over på sørvest og vestleg, då kan det opp i full storm, kanskje sterk storm. Det blir mykje vêr, slår Hassel fast.

Har samla alle tilsette

Orkanen Dagmar som råka Vestlandet julehelga i 2011 førte til enorme skader mange stader, ikkje minst i Indre Nordfjord. 1,3 millionar nordmenn mista straumen då Dagmar slo inn over land.

Jan Træen i Stryn energi er klar på at dei vil vere best mogleg førebudd om vêret i helga skulle bli verkeleg gale.

– Mest sannsynleg blir det ikkje det så gale som Dagmar, men vi ser det slik at på bakgrunn av tidlegare erfaringar så vel vi å auke beredskapen.Vi har hatt ei beredskapssamling i dag tidleg med samtlege tilsette, så alle er klar over situasjonen, seier Træen.

Også Sognekraft og Sogn og Fjordane Energi har kalla ut fleire folk på jobb.

– Vi er vanlegvis 10–15 stykk på jobb, som overvakar og er ute i felt på jobb, dette blir nær dobla, og så har vi mannskap i bakhald. Så følgjer vi situasjonen tett laurdag, fortel nettsjef i Sogn og Fjordane Energi, Asgeir Aase.

Statkraft har testa utstyret

Også Statkraft førebur seg på uvêret. Informasjonssjef Norman Kjærvik seier dei har kontrollert og testa aktuelt sambands- og kommunikasjonsutstyr.

– Utover det har vi sett til at vi har dei naudsynte personalressursane tilgjengelege. Det er venta mest vind frå Stad og nordover, der vindparkane våre på Smøla og Hitra er mest utsette. Men vi håpar at dette ikkje blir for ille, seier han.

Trur beredskapen er betre

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand er trygg for at beredskapen både hos kraftselskap og andre viktige aktørar er betre no enn før orkanen Dagmar råka i 2011.

– Ein av dei store utfordringane den gongen var på kommunikasjonssida, der telesystemet ikkje fungerte. Eg meiner at det er gjort ein god del viktige ting etterpå i kommunane og i dei etatane som styrer med beredskap i fylket. Vi står betre rusta no, seier Stensvand.

Også på vegtrafikksentralen i Lærdal blir det sett på ekstra mannskap i samband med det varsla uvêret.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast