NRK Meny
Normal

Her har sogndølene fått ei ny leikegrind

I den nyoppussa delen av Sognahallen i Sogndal har styrkeløftar Dag-Andre Mo, og for så vidt alle andre sogndølane, fått seg ein ny boltreplass - «Campus Challenge».

Det var ei leikegrind som skal vere til glede for alle, som vart opna i Sogndal i dag.

I samarbeid med Bratt Moro inviterte 15-årsjubilanten Idrettssenteret ei rekkje lokale kjendisar til opninga.

– Ja, dette må eg seie er ei fin leikegrind. Det er øvingar som motiverer ein til å gje full gass. Slå på dekk, og velte dekk. Hehe ... Det er mest tilbake til den gode bondegarden, humrar styrkeløftar Dag-Andre Mo.

– Motiverer

Gullvinnaren frå årets benkpress-EM er god for 302,5 kilo i benkpress. Dette er også norsk rekord.

(Artikkelen held fram under videoen)

Idrettssenteret i Sogndal har fått eit heilt nytt treningstilbod i hus.

SJÅ VIDEOEN: Idrettssenteret har fått eit nytt treningstilbod i hus. Det vart opna laurdag med brask og bram. (Foto/redigering: Christian Blom)

Legg ein til både knebøy og markløft, står Mo med 701 kilo som personlege rekordar. Kraftpluggen frå Sogndal er trygg på at også han blir å finne i Sogndal si nye leikegrind framover.

– Det kan vere tungt å trene benkpress fem gonger i veka, og då er dette øvingar som både gir ein variasjon og motivasjon til å halde fram, seier han.

Tone velta dekk

– Det er ikkje direkte relatert til min idrett, men det er også ei fin treningsform i periodar der ein trenar lettare og har mengdetrening. Gjennom variasjonen unngår ein skader og ein motiverer seg, held Mo fram.

Laurdag var han blant fleire lokale kjendisar som medverka under opninga. Tone Damli Aaberge velta mellom anna dekk saman med Mo, men ho medverka også frå scena.

I tillegg var dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil Mundal, og NRK-journalist Arve Uglum mellom dei som fekk bryne seg på øvingane. Senteret stilte også med fem personlege trenarar.

Boot camp-inspirert

– Det var mange som måtte til pers, og eg trur nok dei fleste kjende det på kroppen. Det var kjekke øvingar, men det var også måten vi jobba på, seier Mo og legg til.

– Vi var delt inn i grupper, og når ein pressar kvarandre og konkurrerer mot kvarandre, så veks også motivasjonen, seier han og trur mange vil ha glede av det nye treningstilbodet.

I den nye avdelinga, Campus Challenge, tilbyr dei boot camp- og cross training-inspirert hardtrening.

– God basistrening

– Ein kombinasjon av kondisjon og styrketrening med stort sett enkle basisøvingar, og funksjonelle øvingar, som vi ut frå eit historisk perspektiv kan kalle god gammaldags kroppsarbeid som passar folk flest, fortel dagleg leiar Kobjørn A. Rydvang.

– Det er allsidig trening for heile kroppen gjennom øvingar der ein brukar mesteparten av muskulaturen. Det gir god basis trening for alle, og god basis er nok o du treng i alle idrettar i periodar, seier Mo.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy