Hopp til innhold

Kraftlinje kan stoppe turistvegar

Statens vegvesen har planar om å investere millionar i nye turistvegar, men ikkje om kraftlinja vert bygd.

Høyspentlinje
Foto: Svein Sundsdal / NRK

Den gigantisk kraftlinja tvers gjennom fylket kan gjere at ein går glipp av millionar av kroner til turistvegar.

Hundre millionar

Statens Vegvesen sitt turistvegprosjekt har planar om å investere over hundre millionar kroner, men er skeptiske om det vert store inngrep i naturen.

Delprosjektleiar Bjørn Andresen seier dei i verste fall kan kutte ut vegar, om linja vert bygd.

Prosjektet han er med i skal gjere Norge meir presentabelt for turistar, og det er brukt mykje pengar. I Sogn og Fjordane er det fire prosjekt som er aktuelle.

Begge delar

Men ei gigantisk kraftlinje, eller fleire vindmølleparkar kan endre på dette. Fylkesordførar Nils R. Sandal vil helst ha begge delar.

- Det er jo synd dersom ei slik linje skal øydelegge for desse turistvegane. Men eg trur ein klarar å finne løysingar som gjer at ein kan byggje både kraftlinja og desse flotte turistvegane, seier Sandal.