Hopp til innhold

Kraftlinja vart som han frykta

Arne Grimseth får kraftlinja mellom Fardal og Ørskog over garden sin i Naustdal.

Arne Grimseth

Arne Grimseth i Naustdal ventar spent på avgjerda.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Olje- og energidepartementet har i dag gjort vedtak om kraftlinja mellom Moskog og Nordfjorden.

– Manglar vidsyn og finfølelse

Det inneber mellom anna at linja skal krysse Naustdal ved Grimseth, eit utfall gardbrukar Arne Grimseth har frykta.

– Dette var sårt, dei som har bestemt dette manglar vidsyn, og det vitnar om ein total mangel på finfølelse når dette kjem tre dagar før jul, seier Grimseth til NRK.

Han seier at dei likevel er glade for at det har kome ei avgjerd. Han står fast på at han no legg ned drifta av garden. Alle investeringar har vore på vent sidan det første framlegget kom for seks år sidan.

LES OGSÅ: vil ikkje ha kraftline som ny nabo

LES OGSÅ: Kan bli lenkegjeng mot kraftline

LES OGSÅ: Vil ha kraftline i Naustedalen

(artikkelen held fram under illustrasjonen)

Kraftlinja Fardal - Ørskog
Foto: Skjermdump

To statsrådar på besøk

Sidan den gong har det vore ei rekkje synfaringar, mellom anna har to statsrådar vore på garden.

– I det lengste håpa eg på ei anna løysing. Det er klart at om linja ikkje hadde kome her så hadde andre fått ulemper. Men det var ingen som ville ha fått linja så nær som eg får ho no.

Borten Moe: "Stor dag"

Om det er ein svart dag for Arne Grimseth så ser olje- og energiminister Ola Borten Moe heilt annleis på avgjerda:

– Dette er ein stor dag for Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Trøndelagsfylka. Med kraftlinja mellom Sogndal og Ørskog på plass vil vi trygge straumforsyninga i heile regionen.

Glede i Førdedalen

Førdedalen i Bremanger slepp den omstridde kraftlina. I fleire år har grunneigarane kjempa mot at linja og trafostasjon skal komme til dalen, og no har departementet snudd Statnett si tilråding i tolvte time.

I staden kjem linja med trafostasjon i staden til Myklebustdalen og kryssar Førdspollen.

Grunneigar Terje Førde er ein av dei som har stått på barrikadane, han kan knapt tru at linja no unngår Førdedalen.

– Kjærkomen julegåve

– Eg har vore i møte og har ikkje fått fylgt med, men dersom det er rett det du seier så er dette ei kjærkomen julegåve. Eg har nesten vanskar med å tru det. Det er nesten utruleg at vi er blitt høyrde med den arrogansen og det maktovergrepet vi føler at vi har vore utsette for sidan 2006.

I Flora og Naustdal kommune skal kraftleidninga gå i trasé via Storebru. Vidare gjennom Naustdal, Førde og fram til Moskog transformatorstasjon skal linja fylgje den traséen som NVE alt har vedteke.

Ferdig i 2015

Med dagens avgjerd kan heile kraftlinja stå klar til bruk innan utgangen av 2015. Då kan arbeidet med å fjerne 170 kilometer med eksisterande kraftlinje ta til.

Fardal-Moskog i gang

I april i år fekk Statnett løyve til å sette i gang bygginga på to delstrekninger av kraftlinja, mellom Moskog transformatorstasjon i Jølster kommune til ny Sogndal transformatorstasjon, og frå Hovdenakk transformatorstasjon i Ørsta kommune til sør for Hundvikfjorden i Bremanger kommune.