Kraftline kan øydeleggje for Elkem

Den omstridde kraftlina gjennom fylket kan øydelegge for Elkem i Svelgen.

Elkem Bremanger, Svelgen
Foto: Ottar Starheim / NRK

Om lina kjem kan smelteverket risikere å få 70 prosent høgare straumpris.

Uroa

- Det betyr ein generell auke i kostnadsnivået, og det svekkjer oss, seier direktør for samfunnskontakt i Elkem, Johan Christian Hovland.

Han er svært uroa.

- Dette vil føre til usikkerheit.

Urimeleg

Eit av argumenta for å bygge lina har vore for å tilretteleggje for kraft-krevjande industri, men lina vil gå langt utanom Svelgen.O det er det som kan føre til at smelteverket får 70 prosent høgare straumpris.

- Vi meiner det er urimeleg at industrien vert påført auka kostnad, utan at vi påfører nettet auka kostnader, seier Hovland.

Viktig aktør


Elkem er Bremanger sin viktigaste arbeidsgjevar og vurderer å byggje ein solcellefabrikk i industribygda. Dette har vore eit viktig argument for å føre fram den omstridde kraftlina gjennom fylket.

Men no kan kraftlina tvert om gje fabrikken dyrare straum.

Når lina kjem, vil den gå utanom Svelgen. Den eksisterande straumforsyninga vil truleg verte ein del av det regionale straumnettet. Dette kan bety opptil 70 prosent høgare straumpris i form av auka nettleige.

Ikkje samd

Difor krev Elkem at transformatorstasjonen som etter planen skal liggje i Åskåra i Ålfoten, vert flytta til Svelgen . No ber dei Statnett ta samfunnsansvar.

Men det prellar berre av på prosjektleiar Magne Maurset i Statnett.
Dei vil ha transformatorstasjon i Ålfoten på grunn av dei store kraftanlegga der.

- Vi har vurdert Ålfoten i høve til Svelgen. Og Svelgen er eit mykje dårlegare alternativ. Det skal nemleg mykje vasskraft inn på den leidninga, seier han .