Hopp til innhold

Kraftlina vert 600 millionar kroner dyrare enn først rekna ut

Kraftlina som skal gå frå Ørskog til Fardal vil koste totalt 5,5 milliardar kroner, noko som er 600 millionar kroner meir enn det som var først rekna ut.

Kraftlinje i Luster

KRAFTLINE: Statnett skal bygge 800 stålmaster langs den nye linjetraseen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Ekstrakostnadene på 600 millionar kroner er auka på grunn av endringar gjort i 2011, og fordi kontraktprisane er høgare enn forventa. Investeringane vart vedtekne torsdag 29 mars.

Kraftlinja er Statnett sitt høgaste prioriterte og mest omfattande prosjekt for tida, og skal betre forsyningstryggleiken i Midt-Noreg og leggje til rette for ny kraftproduksjon på Vestlandet, ifølgje Statnett.

Skal stå ferdig i 2015

Lina skal strekkje seg frå Ørskog i Møre og Romsdal, og ned til Fardal i Sogn og Fjordane. Det er det aukande kraftunderskotet i Møre og Romsdal, kombinert med planar om ny kraftproduksjon i Sogn og Fjordane som gjer at det er behov for denne lina.

Kraftlina har vekt sterke reaksjonar over heile Vestlandet. Byggjearbeidet er alt i gang og skal etter planen stå klar til bruk innan utgangen av 2015.

Kraftlinja Fardal - Ørskog

HER SKA DEN GÅ: Kraftlina skal gå frå Ørskog i Møre og Romsdal til Fardal i Sogn og Fjordane.

Foto: Skjermdump