NRK Meny
Normal

Kraftige reaksjonar på auke i eigedomsskatten

Romjulspresangen frå Naustdal kommune til innbyggjarane i kommunen, var eit brev i posten med auka eigedomsskatt. Fleire har fått ei dobling av skatten og telefonen på kommunehuset har ikkje stått i ro dei siste dagane.

Ørjan Vatne

REAGERFER PÅ TAKSTAUKE: Ørjan Vatne frå Mallasvik i Naustdal må ut med mellom 8000 og 9000 kroner meir i eigedomskatt i året.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

– Eg har fått ein veldig stor auke, frå i underkant av 6000 kroner til vel 14 – 15 000, seier Ørjan Vatne, som bur i Mallasvika.

Naustedølingane er opprørte over auka eigedomsskatt frå nyttår. Dette har ført til telefonstorm til kommunen og over 300 har skrive under på underskriftskampanjen som er starta, skriv Firda.

På Facebook har høgrepolitikaren Martin Savland engasjert seg sterkt i debatten om eigedomsskatt.

– Mange har tatt kontakt med meg og sagt at dei fryktar at dei ikkje har råd til å bu i Naustdal lenger på grunn av auken i eigedomsskatten kombinert med bompengane i Førde, seier Savland.

Stort innhogg

På butikken i Naustdal er Kristine Sletthaug i ferd med å fylle oppe etter jule- og nyttårshelga. For hennar del utgjer auken 1100 kroner i månaden og ho tykker auken i eigedomsskatten har gått over styr.

– Det gjer eit stort innhogg i økonomien. Først fekk vi bomringen i Førde, vi har to bilar og merkar det godt. Og så kom eigedomsskatten, og plutseleg har du 20 000 ekstra i utgifter i året og det merkar vi god som sit med nytt hus og har små ungar, seier Slettehaug.

Kristine Slettehaug

KRITISK TIL TAKSTAUKE: For småbarnsmor Kristine Slettehaug betyr takstauken 1100 kroner mindre å rutte med i månaden.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Astrid Berntsen som også er ute og handlar er samd med Slettehaug.

– Eg tykker eigedomsskatten har auka mykje. No er eg pensjonist, men pengane må rekke til uansett, seier Berntsen.

– No vert det sagt at pengane skal gå til eit nytt «Friskhus», er ikkje det eit godt føremål?

– Jau, det er det faktisk, seier Berntsen.

I fjor skapte nye taksvurderingar storm i Sogndal.

Telefonstorm

På kommunehuset i Naustdal har dei merka godt at innbyggjarane ikkje er nøgde med romjulspresangen frå kommunen. Fleire har fått ei dobling av skatten og telefonen på kommunehuset har ikkje stått i ro dei siste dagane.

– Dei som ringer er opptekne av at taksten skal vere rett, seier kommunalsjef i Naustdal Ørjan Stubhaug.

Frå 2006 og fram i til i dag har auken i eigedomsverdien vore 112 prosent i Naustdal. Stubhaug seier at ifølge eigedomsskattelova skal ein etter beste evne prøve å treffe med eigedomsskatt etter eigedomsverdien.

– Dette er ei massetaksering basert på sjablongmessige vurderingar, slik at det vil førekome avvik frå taksten, seier Stubhaug.

Førstkomande måndag kallar ordføraren i Naustdal inn til ope møte om eigedomsskatt. På kommunehuset utvidar dei også opningstida i forkant av møtet for dei som har spørsmål, og ynskjer å kome innom.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy