Uvêret skapar trøbbel – fleire vegar stengde av ras

Kraftig uvêr på kysten. Eit naust vart øydelagt og steinras stengde fleire vegar.

Naust tatt av vinden i Vågsøy

NAUST UTAN TAK: Taket tok i veg med vinden i Vågsvåg.

Foto: NRK-tipsar

I Nordfjord gjekk eit steinsprang over riksveg 651 ved Leivdøla bru.

Etterpå køyrde ein bil inn i steinane, slik at den ikkje lenger var køyrbar. Ingen personar vart skadde.

– Den største steinen her skal vere på 20 kilo, fortel Ronny Sleire ved Vegtrafikksentralen.

Fleire ras

Steinar og jord raste også ned på fylkesveg 180 ved Haukaneset, eit par kilometer etter Fresvik.

– Det er ikkje så veldig stort. Dei største steinane kan bli rydda med traktor. Vi valde å stenge vegen, fordi mørket og det dårlege vêret gjorde det vanskeleg å sjå om det kan kome nye ras, seier Sleire.

Eit tredje steinras gjekk ved Hundsåna, på fylkesveg 609 mellom Askvoll og Førde i Sunnfjord.

– Det er eit mindre steinsprang. Han som oppdaga raset har rydda vekk dei største steinane sjølv, og vi er på veg for å rydde dei mindre som ligg att, seier Ronny Sleire i Vegtrafikksentralen.

RAS: Fleire vegar vart fredag kveld stengde etter steinras.

Ber folk halde seg inne

Brannvesenet rykte fredag ut i Vågsvåg i Vågsøy for å berge eit naust, der delar av taket var tatt av vinden. Dei jobba også med å sikre lause gjenstandar.

– Gjenstandar flaug av garde fleire hundre meter i vinden, seier Lars Geitle i politiet.

Gjenstandane gjorde skade på ein garasje og eit gjerde, ifølgje politiet.

– Det er nok lurt å halde seg i skjul no, seier Geitle.

Den kraftige vinden i Vågsvåg stengde også fylkesveg 621 mellom Oppedal og Måløybrua, men vegen vart opna att etter kort tid.

I tillegg vart ferja mellom Losna og Krakhella i Solund innstilt på grunn av uvêret.

Stort stormsenter på veg

Det var venta sterk vind både på fjellet og langs kysten. Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel i Sør-Noreg.