Hopp til innhold

Kraftig vind bles buss av vegen på Dovrefjell

Ein av dei 13 passasjerane vart sendt til sjukehus med lettare skader då bussen vart kasta ut av vegen og velta på sida.

Buss velta på Dovrefjell

VELTA: Ei vindkule førte til at bussen velta på Dovrefjell.

Foto: Mona Maria Løberg / 03030-tipser

Fjordekspressen til Nor-Way Bussekspress var på veg frå Trondheim til Bergen via Stryn då turen fekk ein brå stopp ved Fokstua på E6 på Dovrefjell klokka kvart på to natt til onsdag.

– Ein person vart køyrd til sjukehus etter å ha klaga på litt smerter i magen, men det vart skildra som lettare skader. Elles ser det ut til å ha gått veldig bra, seier operasjonsleiar i Gudbrandsdal politidistrikt, Hallgrim Ous.

Vart frakta av naudetatane til hotell

Det har vore svært kraftig vind på Dovrefjell i natt, og fjellovergangen er no stengt på grunn av vinden.

– Bussen har rett og slett blese av vegen slik vi forstod det på bussjåføren etter å ha snakka med han, seier Ous.

Alle naudetatane vart varsla. Alle passasjerane utanom ei kvinne som vart send til Innlandet sjukehus på Lillehammer, vart frakta til Dombås hotell.

– Det enda med at alle passasjerane vart køyrde ned til Dombås med ambulansar, politibilar og brannbil. Der fekk alle ein helsesjekk og har vore på Dombås hotell fram til dei no har fått ny buss som går vidare til Stryn, fortel operasjonsleiaren.

Sjå to av passasjerane sine eigne, dramatiske bilete i albumet under:

Busulukke Dovrefjell
Foto: Kristian Nilssen

Skal etterforske saka

Føraren og dei 13 passasjerane har tidleg onsdag morgon reist vidare mot Stryn. Saka vil no bli etterforska ved det lokale lensmannskontoret.

– No er vel hendingsgangen i og for seg ganske klar, men det vil vel måtte takast nokre avhøyr i saka, vil eg tru.

Men fordi vinden var såpass kraftig har ikkje politiet grunn til å tru at føraren har handla i aktløyse, ifølgje Ous.

– Erfaren sjåfør

Sjølve bussen tilhøyrer selskapet Firda Billag i Førde, medan sjåføren er tilsett i Nettbuss Ekspress. Svein-Arne Vik, marknadssjef i Nettbuss Ekspress, seier at sjåføren var svært erfaren og har køyrt ruta i mange år.

– Eg har ikkje snakka med han sjølv, men er blitt fortalt at det var sterke vindkast som gjorde at bussen blåste av vegen.

Vik fortel at passasjerane vart tekne hand om av selskapet då dei kom til Stryn. Her fekk dei kome inn i administrasjonsbygningen der det vart servert mat og drikke.

Vindmålingsskiltet fungerte ikkje

Video Uvær i fjellet

FUNGERTE IKKJE: Slike informasjonstavler skal varsle sjåførar om vegforholda. Men den som bussen passerte fungerte ikkje.

Foto: Nyhetsspiller

Derimot kan ein medverkande årsak til ulukka ha vore at skiltet som syner kor mykje vind det er over fjellet, ikkje fungerte.

– Så sjåføren har ikkje visst kor mykje vind det har vore, seier Ous.

– Ville han ha køyrt vidare om han visste det?

– Det skal eg ikkje uttale meg om, men no er E6 Dovrefjell stengt for trafikk. Etter siste meldinga eg fekk er det blitt endå meir vind der sidan ulukka.

Onsdag morgon klokka 08.00 vart E6 Dovrefjell opna for normalt trafikk igjen.

Kor sterk var vinden då ulukka skjedde?

– Det veit eg ikkje. Det einaste eg har er ei munnleg utsegn frå patruljen som var der, og det vart skildra som veldig sterk vind, seier Ous.

Det er også kraftig vind på fleire av dei andre fjellovergangane i Sør-Norge. Onsdag morgon er Vikafjellet på riksveg 13 og stengd på grunn av uvêr. På riksveg 7 over Hardangervidda, fylkesveg 52 over Hemsedalsfjellet og fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland er det kolonnekøyring.

Fokstua E6

UVÊR: Vinden på E6 over Dovrefjell er onsdag morgon så kraftig at fjellovergangen er stengt. Stenginga kom ikkje lenge etter ulukka.

Foto: Webkamera, Statens vegvesen