Normal

Kraftig vekst: Stadig fleire unge melder frå om overgrep

SOGNDAL (NRK): Nær 1000 fleire kontakta i fjor sentra mot overgrep og incest i Norge. Openheit og fokus i media er årsaka, meiner fagfolk.

Chatrine Elholm ved Senter mot incest og seksuelle overgrep

OPPLEVER VEKST: Chatrine Elholm er dagleg leiar for Senter mot incest og seksuelle overgrep i Førde.

Foto: Turid Astrid Reksten / NRK

Sentra mot incest og seksuelle overgrep er fordelt ut over heile landet og pågangen er større enn nokosinne. Det syner ferske tal frå Barne- og ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).

I 2017 vart det registrert 3 504 unike personar ved sentra, det var 902 fleire enn i 2016.

– Eg trur det er fordi ein snakkar meir om overgrep og det har vore i fokus i media. Folk har blitt flinkare til å melde seie ifrå og melde ifrå, seier Chatrine Elholm. Ho er leiar ved Senter mot incest og seksuelle overgrep (SMISO) i Førde.

Særleg auke i nettovergrep mot barn

På senteret som Elholm leiar, tok 27 prosent fleire kontakt med dei i 2017, enn året før. Senteret har eksistert i fem år, og det er særleg ei endring, leiaren har merka seg.

– Mange fleire krenkingar og overgrep skjer via sosiale medium og internett. Barn og ungdom opplever stadig ubehagelege situasjonar på nett som vi ikkje såg for nokre år sidan. Sosiale medium har gjort det vanskeleg for barn å vere på nett utan å komme bort i noko ubehageleg, seier ho.

Dette bekreftar og tal frå Politidirektoratet. I dei fire første månadene av 2018 var det ei auke i seksuallovbrot på 21,3 prosent samanlikna med same periode som i fjor. Politidirektoratet skriv at det særleg er nettrelaterte saker, med fornærma under 14 år som har auka.

Chatrine Elholm ved Senter mot incest og seksuelle overgrep

MEIR KUNNSKAP: Chatrine Elholm trur at fleire har fått vite om senteret dei siste åra og at det også er ei årsak til auken.

Foto: Turid Astrid Reksten

Treff overgriparar på nett

Laila Årøy er helsesøster ved Kvåle skule i Sogndal. Ho samarbeider med SMISO og ein gong i året kjem tilsette ved senteret til skulen, for å snakke med skuleelevane om overgrep.

Årøy jobbar mykje med å lære elevane å setje grenser. Spesielt når det gjeld kven dei snakkar med på chatteforum og gjennom dataspel. Det er ofte her at borna kjem i kontakt med overgriparar.

– I dag er møteplassen til barn og unge på sosiale medium. Det er lett å trø feil fordi ein sit heime for seg sjølv og ikkje oppfattar det som skjer som farleg, seier ho.

Helsesøstera oppfordrar alle foreldre til å følgje betre med på borna sine.

– Dei klarar nok ikkje henge med på utviklinga. Det kjem stadig nye sider og chatteområde. Eit godt tips til foreldre er å snakke med borna sine, spørje kva dei gjer på nettet og om dei har opplevd noko ubehageleg.

Helsesøster Laila Årøy

FØLGJER GODT MED: Laila Årøy er helsesøster ved Kvåle skule i Sogndal

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK
Vegopning på Bergum i Førde kommune