Hopp til innhold

Kraftig uvêrshelg i vente til fjells og i vest

Det er sendt ut OBS-varsel om mykje vind og nedbør på Vestlandet. Skal du mellom vest og aust blir du oppmoda om å komme deg over fjellet i Sør-Noreg før laurdag.

Store bølger mot Kråkenes fyr

MYKJE VIND: Det blir ei vindfull helg i Rogaland, Sogn og Fjordane og Hordaland.

Foto: Thomas Bickhardt / Scanpix

– Vêrmessig vert ei dårleg helg, seier meteorolog Gunnar Livik.

Vestlendingane blir bedne om å vere forsiktige når dei ferdast utandørs dei neste dagane. Med ei vindfull helg i sikte bør ein sikre lause gjenstandar som ligg ute, meiner meteorologen.

– Vi har sendt ut OBS-varsel for Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Uvêret tek til laurdag føremiddag med nedbør og sterk vind. Ved sånt vêr er det greitt å sikre ting som ligg ute, seier Livik.

Meteorologisk institutt åtvarar om sterke vindkast som kan føre til lokale straumbrot. Det er venta vindkast på 25–30 m/s inn mot land i Sogn og Fjordane og Hordaland. Verst blir det i Rogaland med vindkast på 30–35 m/s.

Laster Twitter-innhold

– Kom deg over fjellet før laurdag ettermiddag

Kraftig vind og snø vil by på trøbbel for fjellovergangane i Sør-Noreg.

Det er meldt veldig dårleg vêr gjennom helga. Dei som skal mellom aust og vest bør komme seg over fjellet før laurdag ettermiddag, eller reise veldig tidleg på sundag morgon, seier trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen i Lærdal, Kjetil Molvær.

Det kan bli kolonnekøyring og stengde fjellovergangar.

– Det ser ut til å dra seg til på både Hemsedalsfjellet, Hardangervidda og over Haukelifjellet på laurdag føremiddag. Elles er det venta mykje vind på Strynefjellet. Filefjell er truleg der det blir best, seier Molvær.

Faren for snøskred vil auke

Vindauke på sundag gjer at snøskredfaren vil auke i store delar av Sør-Noreg, melder NVE. Frå laurdag til sundag går faregraden over frå betydeleg til stor fleire stadar.

På sundag er det stor fare for snøskred i Indre Fjordane, Indre Sogn, Voss, Hardanger og Vest-Telemark.

Skredfare

BETYDELEG OG STOR: Over store delar av Sør-Noreg er det venta både faregrad tre og fire i helga.

Foto: VARSOM.NO