NRK Meny

Kraftig røyk frå fiskefôrbåt

Brannmannskap i Bremanger rykte i ettermiddag ut etter melding om kraftig røykutvikling frå ein fiskefôrbåt som låg til kai i Davik. – Brannen vart raskt sløkt og det var for det meste snakk om kraftig røyk frå rorhuset, opplyser Asle Karoliussen ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane. Båten, ein katamaran på om lag 40 fot, låg avlåst utan folk om bord. Lokalt politi vil etterforske saka.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser