NRK Meny
Normal

Kraftig regn og torden i vente

Hordaland laurdag. Søndag ettermiddag kjem kraftige regnbyer og tore innover Sogn og Fjordane.

Sjå stormskyene over Bergen frå lufta.

SJÅ VIDEO: Torje Bjellaas, fotograf i NRK Sogn og Fjordane, filma uvêrskyene over Bergen frå fly laurdag.

Lynnedslag, brannar og stenging av Bergen lufthamn Flesland vart resultatet når kraftig uvêr feide innover sørfylket laurdag ettermiddag og kveld.

Berit Hagen

METEOROLOG: Statsmeteorolog Berit Hagen ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Foto: Kamilla Pedersen / met.no

– Det som passerte i går har nok døydd ut. Då fekk også sørlege deler av Sogn og Fjordane kjenne litt. Men det ligg nye byer og torevêr i havet og lenger sør for fylket. Dette går no gradvis nordover, opplyser statsmeteorolog Berit Hagen ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Varer ut søndag

Meteorologen understrekar likevel med at dagens lågtrykk ikkje er av same karakter som det hordalendingane fekk smake på.

– Det blir ikkje så unormalt mykje nedbør, men ein må vente nokre kraftige byer frå klokka 12 og utover ettermiddagen.

Meir detaljert betyr det søraust liten kuling utsette stader, frå søndag ettermiddag sørleg bris og regnbyer. Lokalt kraftige byer med tore.

– Det varer i alle fall ut dagen i dag, men det går gradvis austover. Måndag blir det noko regn i indre strok, mens det blir lettare i ytre med pålandsvind. Men også her kan det komme enkelte byer, seier Hagen.

... men austlendingane får det verst

Hagen har dessutan ei aldri så lita trøyst til ferierande vestlendingar:

– Det er Austlandet og Telemark som får dei største nedbørsmengdene.

Og vestpå er det faktisk betring i sikte.

– Det går mot litt lettare vêr frå rundt onsdag, og nokre dagar framover.
Det er ingenting tyder på att vi får det så varmt som i juli. Temperaturen vil nok ligge nærmare 20 enn 30 grader, men vi kan framleis få nokre fine dagar, seier statsmeteorologen i Bergen.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen