Hopp til innhold

Visse situasjonar får meteorologane til å følgje ekstra godt med - no er ein slik situasjon

Lågtrykk frå Island og varmluft frå Karibia vil gje vestlendingane svært dårleg vêr i dagevis. – Vi overvakar situasjonen veldig nøye no, seier statsmeteorolog Aslaug Skålevik Valved.

Vete for søndag

SØNDAG: Sogn og Fjordane og Hordaland kjem våtast ut av søndagen.

Foto: yr.no

Det er like godt å seie det først som sist: pass på drenering, sikre lause gjenstandar og ver budd på fleire dagar med mykje vind, mykje nedbør og høg vasstand.

Både Vêrvarslinga på Vestlandet og NVE vil sende ut varsel på det vi har i vente.

– Søndag ventar vi 70-100 millimeter nedbør på 24 timar. Måndag og tysdag er det også snakk om mykje. Kanskje like mykje. I tillegg blir det vind, seier statsmeteorolog Aslaug Skålevik Valved.

Meir enn normalen

Vi er vel vande med hauststormar og regn i bøtter og spann på hausten. Snakkar ein nedbør har til dømes Takle opplevd 182 millimeter på 24 timar i oktober.

Like heftig blir det nok ikkje i denne omgang. Men det som er på veg, blir hakket verre enn det vêrgudane plar servere oss på hausten.

(Artikkelen held fram under biletet)

Veret måndag

MÅNDAG: Jetstrømmen, som styrer kvar lågtrykka oppstår og beveger seg, fører systemet frå Karibia rett på Vestlandskysten.

Foto: yr.no

Med vind frå sør og sørvest er det kysten som er mest utsett. Situasjonen er er så spesiell at meteorologane følgjer ekstra godt med.

– Det ligg nok litt i overkant av det som er mest vanleg. Sidan det er ein kombinasjon av veldig mykje vêr fleire dagar på rad, følgjer vi situasjonen fortløpande for å heile tida vurdere varsela vi sender ut, seier Valved.

Lågtrykk frå Island

I første omgang er det eit lågtrykk på veg frå Island som vil skape trøbbel. I tillegg til mykje regn, er vasstanden frå Stavanger til Bodø estimert til å liggje 40-60 centimeter over høgde oppgitt i tidevasstabellen.

Det er venta seks til åtte meter høge bølgjer, med makshøgder på 13,6 meter.

– I tillegg er det venta sørvest liten til full storm, og sterk storm ved Stad. Det er absolutt ikkje dagane å leggje ut på sjøen, seier Valved om søndagen.

Luft frå Karibia

Måndag kjem varmluft frå Karibia til Vestlandet, utan at det spelar særskilt inn på nedbørsmengdene. Måndag varslar nettportalen varsom.no det nest høgaste nivået for jordskredfare over heile fylket.

Utsatte stader på Vestlandet kan få opp mot 150 millimeter nedbør.

– Vi får ein litt annan situasjon, men den varme og fuktige lufta er litt skummel med tanke på nedbøren. Den kan avgi mykje nedbør, seier Valved.

– Vil det roe seg når desse dagane er over?

– Det ligg an til mykje lågtrykksaktivitet og mykje nedbør så langt vi kan sjå. Skal den komme som snø, må ein godt opp i høgda.