NRK Meny
Normal

Kraftig kritikk av Nordfjordverksemd

Inkassosaker, klager og brann. Renovasjonsselskapa Tenden Miljø i Stryn og systerselskapet Miljøkvalitet har slite tungt i det siste.

Avfall ved Tenden miljø i Stryn

KRITIKK: Fylkesmannen kritisk til store mengder avfall ved Tenden Miljø sitt anlegg i Stryn. Biletet er teke i mars, og har ikkje samanheng med tilsynet i november.

Foto: Roger Vik / NRK

– Etter to tilsyn har vi ikkje fått gode nok svar tilbake, seier nestleiar ved Miljøvernavdelinga i Sogn og Fjordane, Gøsta Hagenlund om tilhøva hjå Tenden Miljø i Stryn.

Fylkesmennene i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal krev at verksemdene ryddar opp.

Avfallsanlegget på Jarnes

BRANN: To gonger i februar har det tatt fyr ved Miljøkvalitet sitt anlegg i Sykkylven.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Store mengder avfall

Fylkesmannen gjorde tilsyn i Stryn i slutten av november. I februar sende Fylkesmannen nytt brev med følgjande salve:

«Manglane i tilbakemeldingane, manglar i oppfylling av krav i løyvet, manglande forståing for problemstillingar og manglar i betalingsforpliktingar, gjer at Fylkesmannen no stiller spørsmål ved kompetansen og evna verksemda har til å drive aktiviteten på ein miljøforsvarleg måte.»

Avfall ved riksveg 15

AVFALL: Selskapet ryddar no i avfallsproblema. Denne veka vart det rydda langs riksveg 15.

Foto: Roger Vik / NRK

– Det er både usortert avfall og det er ferdigsortert avfall ved anlegget i Stryn som har vore der for lenge. Vi har fått veldig utilfredsstillande og ufullstendige svar, seier Hagenlund.

– Jobbar hardt med å få orden

Olav Tenden er dagleg leiar for både Tenden Miljø i Stryn, og systerselskapet Miljøkvalitet i Sykkylven, som begge er heileigde selskap under O. Tenden Holding AS.

Til saman sysselset han 40 personar, av dei 33 i Stryn.

– Vi tek kritikken frå fylkesmannen alvorleg og til etterretning. Vi jobbar hardt med å lukke avvika. Vi har hatt kontrollar før der vi har fått gode tilbakemeldingar, seier Olav Tenden.

– Kvifor har det hopa seg opp?

– Avfallsbransjen er kompleks, og har store sesongvariasjonar. Det siste halve året har vi hatt stor aktivitet.

Fleire titals inkassosaker

Anlegget til Tenden Miljø i Stryn

RYDDAR: Olav Tenden seier Tenden Miljø jobbar hardt med å rette opp avvika frå Fylkesmannen. Biletet er teke i mars, og har ikkje samanheng med tilsynet

Foto: Roger Vik / NRK

I avfallsbransjen tek verksemdene seg betalt når dei samlar inn avfallet. Men det kostar å levere søppelet vidare til slutthandsaming, anten til forbrenning eller gjenvinning.

NRK kan telje heile 30 inkassosaker for Tenden miljø frå årsskiftet 2014 og fram til no, og for Miljøkvalitet 15 saker.

Men Olav Tenden vil ikkje kommentere om manglande likviditet er årsaka til at avfall har hopa seg opp.

– Verksemda hadde eit tøft år i 2013. Vi har jobba hardt for å betre situasjonen, og sit på oppdaterte tal for 2014 som viser at det har hatt effekt, seier Olav Tenden.

– Vi jobbar med forbetringar i 2015, og tek sikte på å styrke den økonomiske situasjonen vidare, seier Tenden.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser