Hopp til innhold

Kraftig grasrotkritikk mot SV-leiinga

SV treng ei ny leiing som brukar meir tid og pengar på grasrota i partiet. Fleire fylkeslag NRK har snakka med meiner leiinga har forsømt denne delen og konsentrert seg for mykje om arbeidet i regjering og Storting.

Norvall Nøringset

KRITIKK: For lite ressursar til lokal- og fylkeslag har vore medverkande til det dårlege valresultatet, trur Norvall Nøringset i Sogn og Fjordane SV.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Etter det NRK kjenner til er enkelte så misnøgde at det blir jobba med å finne ein distriktskandidat som kan utfordre leiarkandidatane Heikki Holmås og Audun Lysbakken. Fleire fylkeslag skal ha engasjert seg i dette arbeidet.

– Må byggje opp att grunnfjellet

Norvall Nøringset i Sogn og Fjordane SV er tydeleg på kva blir oppgåve nummer ein for ein ny partileiar.

– Vi må byggje opp att grunnfjellet i partiet. Lokale tillitsvalde, lokale politikarar, dei må få lov til å gjennomsyre politikken som SV skal føre, både på Storting og i regjering, seier Nøringset.

For mykje ressursar på Regjering

Norvall Nøringset er ein av mange leiande fylkespolitikarar i SV som tykkjer Kristin Halvorsen har forsømt grasrota i partiet. Fylkeslag NRK har snakka med meiner at SV har brukt for mykje ressursar på arbeidet i regjering og Storting. Det har tappa lokallaga for folk og pengar, meiner Nøringset.

– Då SV gjekk inn i regjering i 2005 vart mange av politikarane våre sentralt henta inn i regjeringsapparatet og på den måten tappa kunnskapen om å drive organisasjonsarbeid, om å drive politisk arbeid i lokalpolitikken. Då blir dei rett og slett ikkje i stand til å gjere arbeid på grunnplan. Det ser ein kanskje no resultat av, fortel Nøringset.

Misnøye både i sør og nord

Fylkesleiar i Aust-Agder SV, Thore Wiig Andersen, stiller også spørsmålsteikn ved prioriteringane til partiet.

Johnny Ingebrigtsen

OVERSETT: Fylkesleiar i Finnmark SV, Johnny Ingebrigtsen, føler seg oversett av partileiinga i nordområdesaker.

Foto: Finnmark SV / Pressebilde

– Det er ingen tvil om at bygging av lokallag, bygging av lokal organisasjon, ikkje har vore tydeleg nok prioritert i partiet den siste tida.

Misnøye er det også heilt nord i Norge. Leiar i Finnmark SV, Johnny Ingebrigtsen, meiner fylkeslaget er blitt oversett av partileiinga i nordområdesaker og i russlandspolitikken.

– Det hjelp ikkje kor mykje ein kjempar inne i fjorden, ute på nesa og holmane, om ikkje det ein arbeider for og skriv i framlegga sine blir teke vidare i partiapparatet. Då er det demoraliserande, seier Ingebrigtsen.

Tek signala alvorleg

Silje Schei Tveitdal, partisekretær i SV

ALVORLEG: Partisekretær i SV, Silje Schei Tveitdal, seier ho tek signala frå partiorganisasjonen alvorleg.

Foto: Stig Marlon Weston/SV

– Denne type signal frå partiorganisasjonen tek eg veldig alvorleg, seier partisekretær i SV, Silje Schei Tveitdal.

På grunn av eit dårlege valresultat mister SV tre millionar kroner årleg i støtte. Partisekretæren lovar likevel å styrkja fylkes- og lokallaga i budsjettet for 2012 som ho skal leggja fram for landsstyret i november.

– Det å byggje ein sterkare partiorganisasjon ute, trur eg er ein absolutt føresetnad dersom vi skal komme på offensiven fram mot stortingsvalet seier Schei Tveitdal.