Hopp til innhold

Aksjesmell for Hydro-sjefen - sterk kursnedgang

Aksjekursen på Norsk Hydro stupte med over fem prosent då Oslo Børs opna i dag. Årsaka er at storaksjonær Vale no pøsar aksjar ut i marknaden.

Brandtzæg

SER KURSFALLET: Svein Richard Brandtzæg er toppsjef i Norsk Hydro. I dag fell aksjekursen.

Foto: TOM HANSEN / FOTOGRAF TOM HANSEN

Det brasilianske gruveselskapet Vale har bestemt seg for å selgje seg kraftig ned i Hydro. Dei har lagt ut 407,1 millionar aksjar ut i marknaden til ein pris på 25 kroner per aksje.

Det var venta at kursen på Hydro-aksjane ville falle i dag, sidan Vale på førehand har varsla at dei ønskjer å selgje seg kraftig ned.

Vale har plikta seg til å ikkje selgje fleire aksjar i Hydro det neste halve året, etter at dei har seld ut det dei no har lagt ut i marknaden.

Brasilianarane er i dag nest største eigar i Norsk Hydro med ein eigardel på 21,6 prosent. Etter salet vil dei sitje att med ein eigarpost på mellom 9,7 og 10,8 prosent.

Vale-aksjar for inntil 5,6 milliardar kroner er no i handel, og analytikarar og investorar avventar no korleis Hydro-aksjen vil utvikla seg i løpet av dagen.