Hopp til innhold

Kraftig eksplosjon i oljetankar

To store tankar med olje og saltsyre har eksplodert og står i full fyr hos verksemda Vest Tank i Sløvåg i Gulen. Området er no evakuert.

Eksplosjon Sløvåg

- Eg trudde det var krig. Rett etterpå såg eg svart røyk og flammar, seier eit augevitne.

Foto: Kåre Ness

- Politiet prøver no å skjerme ein annan tank, som det er fare for at skal ta fyr, seier lensmann i Gulen, Henry Indrebø, til NRK.

Store stykar frå brannvesenet, fleire ambulansar og politiet er no på staden.

Fleire personar i området

Politiet seier det var åtte personar i området, men dei har ikkje oversikt over kor mange som har kome seg vekk frå staden.

Fleire augevitne fortel om kraftig smell og flammar som strekker seg fleire titals meter mot himmelen. 

 

 

Eksplosjon i Sløvåg.
Foto: MMS-foto: Lesarbilete

- Vegg kom fykande

Johnny Birkeland driv eit firma som er nærmaste nabo til Vest Tank.

- Det var ein utruleg høg smell, og så såg vi fleire hundre meter høge flammar, fortel Birkeland til NRK.

- Ein stor stålkonstruksjon eller vegg kom fykande opp i lufta. Så byrja det å brenne. No er det svære flammar som står langt opp i lufta, fortel augevitne Jon Berge til bt.no. 

 

- Trudde det var krig

Rigmor Solheim skulle levere dottera på ferjekaien i Sløvåg.

- Akkurat i det ho gjekk ut av bilen kom det eit kraftig smell. Eg trudde det var krig. Rett etterpå såg eg svart røyk og flammar.

Vest Tank er Norges største uavhengige terminal med 14 tankar. Dei samlar mellom anna opp og reinsar olje frå tankbåtar. Selskapet tek og imot ureinsa avfall frå boring i Nordsjøen, som brukt boreslam og borekaks. 

 

Eksplosjon Sløvåg
Foto: Ole Martin Horgen

 

 

Kart Sløvåg