Hopp til innhold

Kraftig byevêr over heile Vestlandet

No blir det vått på Vestlandet. Det neste døgnet kan det kome så mykje som 80 millimeter med nedbør i alle dei fire vestlandsfylka.

REGNVÆR I OSLO

VÅTT: Det blir vått på Vestlandet tysdag og onsdag.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

– Byene kjem til å vere veldig kraftige, så om ein er ute i ei bye blir ein skikkeleg våt, seier statsmeteorolog Anne Mette Olsen.

Det er sendt ut OBS-varsel for store delar av Vestlandet tysdag og natt til onsdag. Det kjem til å kome store mengder med regn, og regnet kjem altså i kraftige regnskurer.

– Det betyr at det i periodar kan vere heilt opplett, så kjem det plutseleg veldig mykje regn på kort tid, seier Olsen.

Ikkje fare for flaum

På Sørlandet har det vore storflaum dei siste dagane, og skadane har vore omfattande. Sjølv om det no kjem mykje nedbør også på Vestlandet, seier Olsen at det ikkje er like gale som i Agderfylka.

– På Sørlandet har det vore veldig mykje nedbør over lang tid. Vi får nok ikkje slike tilstandar her på Vestlandet.

Meteorologen meiner at dette er slike dagar ein ofte har eit par av i løpet av ein haust.

– Det er langt ifrå noko rekord. Det er eigentleg ein typisk våt haustdag på Vestlandet, seier meteorologen.

Mindre nedbør på kysten

Det er særleg i indre strok det vil kome mykje regn. På kysten blir det rolegare.

– Heilt ute på kysten blir det ikkje så veldig kraftige byer, for byene treng dei luftmassane som kjem over fjella. Akkurat ytst ute på kysten blir det difor ikkje så veldig mykje nedbør, seier Olsen.

NVE sine varslingar syner at det ikkje er fare for flaum med det første, medan dei har heva varselet for jordras opp til nivå 2. Statsmeteorologen tenkjer at det er greitt å ta nokre forholdsreglar.

– Det er veldig lurt å til dømes fjerne lauv ifrå kumlokk og den type ting. Om ikkje vatnet får renne fritt, kan det bli eit problem.