NRK Meny

Kraftig auke i daglegvarebutikkar

Med Rema 1000 sin nyetablering på Øyrane i Førde, har fylket sin største tettstad no 13 daglegvarebutikkar, det skriv avisa Firda. Dei siste femten åra har det vore ein kraftig auke i talet på slike forretningar, og Førde har no langt fleire butikkar enn det folketalet i kommunen skulle tilseie. Administrerande direktør i Coop Vest, Geir Espe, seier til avisa at konkurranse skjerpar butikkane, men at det no byrjar å bli nok butikkar i Førde.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.