NRK Meny
Normal

Men ikkje heile fylket kan juble

Nye tal frå NetCom viser at bruken av 4G-nettet har auka enormt i Sogn og Fjordane.

4G Sogn og Fjordane

SUNNFJORD OG NORDFJORD: To av tre regionar i fylket kan juble, men i Sogn må folk vente enno ei stund

Foto: Netcom

Auken er på heile 2500 prosent, men har ei heilt naturlege forklaring. I starten av april fekk 13 kommunar i fylket 4G dekning.

Innbyggjarane i Flora, Førde, Gaular, Naustdal, Jølster, Eid, Vågsøy, Hornindal, Stryn, Askvoll, Bremanger, Gloppen og Selje kan no surfe lynraskt på internett frå mobilen.

– Resultata har ikkje latt vente på seg. Fylket har hatt ein eksplosiv auke i bruken av mobildata, og er fylket der auken har vore aller størst, seier Tommy Skogheim Johansen, dekningssjef i NetCom.

Framleis på landsgjennomsnittet

At auken er så stor i fylket, skuldast at 4G-dekning er eit relativt nytt tilbod for innbyggjarane. Sogn og Fjordane har lenge vore eit kvitt hol på kartet.

Det har mellom andre ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, kritisert tidlegare. Han likte dårleg at hyttefolk på Hafjell fekk 4G før Sogn og Fjordane.

På landsbasis var auken i 4G-trafikk på 42 prosent mellom veke 9 og veke 21 i år. Den store auken i trivselsfylket gjer at Sogn og Fjordane no ligg på landsgjennomsnittet når det gjeld kor mykje mobildata som vert brukt kvar månad.

– Heile 98 prosent av befolkninga skal ha 4G i løpet av 2018. Det har vi forplikta oss til. Folk forventar dekning på nett overalt, seier kommunikasjonsrådgjevar i NetCom, Ellen C. Scheen.

Kan ikkje love alle dekning

– Vi gjorde eit stort jafs i Sogn og Fjordane no i april, og det viste at folk sat klare med telefonar Dette var det store jafset, men det kan hende det kjem fleire, seier Scheen.

For det er i hovudsak dei store tettstadane i Sunnfjord og Nordfjord som no har fått 4G-dekninga. I Sogn er det berre Lærdal som har fått 4G-dekning, og det fekk dei i sentrum etter storbrannen i vinter.

– Utbygginga vår må ta omsyn til geografien og topografien i Noreg. Vi kan ikkje love at absolutt alle får 4G-dekning. Men mindre tett busette stader kjem etter kvart, og i 2018 skal vi levere 98 prosent av befolkninga, seier Scheen.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen