Hopp til innhold

Kraftig auke for Miljøpartiet Dei Grøne

Miljøpartiet Dei Grøne har auka frå eitt til åtte lokallag i Sogn og Fjordane på eit halvt år.

Une Bastholm

PÅ RUNDREISE: Une Bastholm, 1. vara til Stortinget for Miljøpartiet Dei Grøne, er på rundreise for å danne nye lokallag.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det er artig å møte alle dei engasjerte og kunnskapsrike lokalpatriotane, seier Une Bastholm, første vara til Stortinget for Miljøpartiet Dei Grøne.

For seks månader sidan hadde partiet eitt lokallag i Sogn og Fjordane. No er det åtte; Førde, Flora, Naustdal, Jølster, Fjaler, Gloppen, Aurland og Sogndal.

Ambisiøst mål

Bastholm er på rundreise der målet er å danne lokallag flest mogleg plassar. Om ein dryg månad går fristen for å melde inn partilistene til kommunevalet ut. Miljøpartiet har no 229 lister. Målet er 300.

– Vi har eit veldig ambisiøst mål om å stille 300 lister til kommunevalet ved hausten. Vi håpar at i alle fall 10 av desse vil vere i Sogn og Fjordane, seier Bastholm

– Kvifor skal veljarane røyste på Miljøpartiet når ein har alternativ som Venstre og Sosialistisk Venstreparti?

– Vi er eit reint grønt parti, så dersom ein er oppteken av å setje miljø, klima, natur og dyra først så er vi garantisten for det, seier Bastholm.

Vil bidra med andre løysingar

Stein Malkenes er partiet sin førstekandidat til fylkestinget. Han gler seg stort over auken i tal lokallag.

– Det er ein fantastisk oppslutnad og ein betydeleg vekst organisatorisk. Det er veldig flott, seier Malkenes.

Målet er å kome inn i kommunestyra, bystyra, og på fylkestinget.

Stein Malkenes

LISTETOPP: Førstekandidat på fylkestingslista til Miljøpartiet gler seg over auken i lokallag.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Slik at vi kan bidra med litt anna tenking og litt andre løysingar som gjer at vi kan vere med på den omstillinga som heile samfunnet vårt skal gjennom, seier Malkenes.

Kven er det som melder seg inn hos partiet?

– Det er folk med ulik bakgrunn, ulik kunnskap, unge og eldre. Eg har 20 års erfaring frå næringslivet. Andre kjem frå det offentlege og andre frå frivillig sektor, forklarar Malkenes.

Køyrer kollektivt

Bastholm starta i Kristiansund, vidare gjekk vegen til Molde, Ålesund, Sogndal, Gloppen, og onsdag kveld er det nytt møte i Bremanger. Målet er nok eit nytt lokallag.

– Eg har lært meg korleis busskorrespondansen fungerer i Sogn og Fjordane, og eg er eigentleg ganske imponert. Det har gått bra for min del, seier politikaren.