Hopp til innhold

Kraftbransjen vil ha betre vilkår

– Kraftutbyggarar her i landet har dårlegare vilkår enn konkurrentane i Sverige. Det seier Ola Lingås som er produksjonsdirektør i Sogn og Fjordane Energi SFE.

Ola Elvestuen i Eid

KRAFTBRANSJEN VIL HA BETRE VILKÅR: Frå venstre, Asgeir Aase, nettdirektør i SFE, Alfred Bjørlo, ordførar i Eid, Ola Elvestuen, leiar for Energi- og miljøkomiteen på Stortinget og Ola Lingaas, produksjonsdirektør SFE

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Trass i at vi har dei beste prosjekta tar prosessane i Norge for lang tid samanlikna med Sverige.

Fram mot 2020 skal det byggast ut 26 terawatt vasskraft i Norge Og Sverige. Det svarar til årsforbruket til om lag 1, 3 millionar husstandar.

– Då er vi sjølvsagt opptatt av at vi har like gode vilkår som svenskane.

Det er ikkje tilfelle i dag meiner Lingaas, og peikar på at reglane for konsesjonsbehandling er meir omfattande i Norge, kostnadane for å sleppe inn på nettet er høgare og reglane for skatteavskriving er dårlegare.

– Så har vi ein kjemperisiko ved at om vi ikkje rekk fristen for grøne sertifikat, som er den 31.12 2020, så kan vi bli ståande med ei investering vi ikkje får betalt for.

– Er klar over problemet

Ola Elvestuen

VITJAR FYLKET: leiar for Energi- og miljøkomiteen på Stortinget, Ola Elvestuen (V)

Foto: NRK

– Dette er ei problemstilling som vi er klar over, seier Ola Elvestuen som er leiar for Energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

Denne veka er han på rundreise i Sogn og Fjordane. Tema for besøket er fornybar energi og ny næringsutvikling.

– Vi må sjå om vi kan få laga likare reglar mellom Norge og Sverige.

– Frå Venstre si side er vi svært fokusert på få like avskrivingsreglar, og på vi må få ein større fleksibilitet i forhold til fristen 31.12 2020 for grøne sertifikat.

I Norge er denne fristen i dag absolutt, medan Sverige er meir fleksible.

– Når det gjeld nettproblematikken så er det ei sak vi har ein eigen prosess på.

Urettvis nettleige

Når det gjeld nettet var det to problemstillingar som representantane frå SFE tok opp med Elvestuen. Det eine er kostnaden med å sleppe inn på nettet, det andre er kven som skal betale for den naudsynte utbygginga av nettet.

Asgeir Aase

TOK OPP URETTVIS ORDNING: Asgeir Aase, nettdirektør i SFE

Foto: Johan Moen / NRK

– Rekninga berre aukar og aukar for våre kundar når vi bygger nett. Samanlikna med resten av landet blør kundane vår, seier nettdirektør Asgeir Aase i SFE.

Han har fleire gonger tatt opp det urettvise i at det er kundane i området der straumen blir produsert som må betale for utbygging av nettet, sjølv om straumen skal brukast andre stader i landet. Aase etterlyser ei meir rettvis fordeling av kostnadane.

– Dette er ein systemfeil, og feilen er at kundane våre må ta kostnaden med å bygge nettet som skal til for å løyse ei nasjonal målsetting.

Ventar på Reiten-utvalet

– Dette må vi kunne finne ei snarleg løysing på. Når vi ynskjer meir fornybar energi må vi og lage rammevilkår som gjer at det løner seg.

Når det gjeld systemfeilen som Aase tok seier Elvestuen at dei no ventar på Reiten-utvalet som skal kome med si vurdering av dette i slutten månaden.

– Då får vi sjå på om det må gjerast endringar i regelverket.