Hopp til innhold

Køyreskulane kjenner seg ikkje att i kritikken

– Eit slag langt under beltestaden. Som bransje er norske køyreopplærarar veldig oppe å gå.

Even Andreas Dispen

KJENNER SEG IKKJE ATT: Even Andreas Dispen kjenner seg ikkje att i påstandane om at køyrelærarane kan for lite og gir for dårleg opplæring til framtidige traktorførar.

Foto: Privat

Slik reagerer Per Ove Sercan Husevik, styreleiar i Autoriserte Trafikkskolers Landsforbund (ATL), på Jogeir M. Agjeld sin strykkarakter til traktoropplæringa av framtidige traktorførar.

Bakgrunnen for påstanden er fleire medieoppslag om konflikten mellom traktorar og bilar på vegane.

– Eg har tiltru til at trafikklærarane gjer jobben sin fullt på høgde med det dei skal gjere. Dette er ein klassisk interessekonflikt mellom ulike køyregrupper, seier Husevik.

– Brutal påstand

Agjeld, som er maskinteknisk rådgjevar i Norsk Landbruksrådgiving, meiner opplæringa av dei som skal handtere traktorar og andre store landbruksmaskiner er mangelfull.

Even Dispen, fagleg leiar ved Nordfjord og Sunnfjord Trafikk, meiner Agjeld uttalar seg mot betre kunnskap.

Sjølv er han vaksen opp på gard og har sidan han kunne gå vore med i far sin i traktor. Han kjenner også fleire med same bakgrunn.

– Eg tykkjer påstanden er brutal. Slik både eg sjølv driv, og som eg kjenner andre aktørar gjer, så er det seriøs og god opplæring som blir gjeven, seier han.

Følgjer læreplanar

Som andre lærarar må køyrelærarane gi ei utdanning lovpålagt i læreplanar. Læreplanar som ifølgje Husevik og Dispen ofte er oppe til interne diskusjonar og debattar.

Dei første frøa til gode haldningar og innføring i trafikksystemet får framtidige førarar av både bilar og traktorar i 15-årsalderen gjennom trafikale grunnkurs.

Frå 16 år kan dei sjølve setje seg bak rattet og gå vidare på utdanninga som då blir meir og meir omfattande.

Også køyrelærarane må gjennom kurs og utdanningar både for å fornye seg, men også for å halde seg oppdatert på utviklinga. Eit nytt kurs er også på trappene.

– Traktorutviklinga er enorm. Det er som med ein bil. Du snakkar til dels om ei rullande datamaskin, sjølv om det er traktor. At vi ikkje er oppdaterte og veit kva vi driv på med, det høyrer ikkje heime å bli skulda for.

Gir sjølve råd

I ei av utdanningane er Landbruksrådgiving blant hovudaktørane.

– Alle som skal kunne drive opplæring på traktorar som går fortare enn 40 km/t, må gjennom ei spesialutdanning der Norsk Landbruksrådgiving underviser på HMS-biten, seier Dispen.

Husevik seier at alle kan bli betre, men meiner skuldingane mot køyreopplæringa er ein avsporing av debatten.

Styreleiaren trur trafikkane må lære seg og leve med kvarandre – og vise toleranse og respekt for ei smidig samhandling.

– Eg trur den enkelte førar må vere meir bevisst på kva køyretøy ein ferdast med, velje tidspunktet på døgnet som er best og såleis tilpasse køyringa etter korleis ein unngår flest mogleg problemstillingar, seier han.