Hopp til innhold

Køyrer som villmenn forbi bussar

Bussjåførar er skremde over farlege forbikøyringar. Folk legg videoar av forbikøyringane ut på You Tube.

Video nsps_upload_2010_2_24_18_27_23_2396.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Det er jo enkelte som køyrer forbi rett framfor ein sving og slikt. Eg har vore borti situasjonar der eg tenkjer at dette aldri kjem til å gå vel. Men det har alltid gått bra, seier bussjåfør Roald Herstad.

- Har vorte mykje tøffare

Roald Herstad

Bussjåfør Roald Herstad

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Den røynde sjåføren gjer seg klar til nok ein langtur frå Førde til Bergen.
Roald Herstad har køyrd buss for Firda Billag i ein mannsalder, og tryggleiken har høg prioritet.

Men det er ikkje alle trafikantar som set tryggleiken like høgt. Bussjåføren er skremd over farlege forbikøyringar som set både han og passasjerane i fare.

- Det er vel kanskje enkelte som har vorte tøffare, gjerne mykje tøffare.

- Vil visa seg fram gjennom You Tube

Og ifølgje politiet tek bilistar større sjansar enn før - og farten aukar på norske vegar. På Youtube ligg det ute fleire videoklipp der unge gutar køyrer i høg fart. Eit klipp frå Lærdalstunnelen syner at bilisten passerer ein buss i 140 kilometer i timen. Men det stoppar ikkje der, for fartsnåla stig heilt til 190 kilometer i timen.

Forbikøyring av buss

Bussen vert passert i klippet på You Tube

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

- Me er kjende med denne videoen, og slik oppførsel er skremmande. Det skal ikkje store rørsler til før katastrofen skjer, seier Leon Nordanger, distriktssjef i Utrykkingspolitiet.

Han kjenner trafikken betre enn andre, og er ikkje overraska over det han ser på vegane.

- Me ser dette stadig vekk og alt for ofte. Unge vil jo ha fart og spenning, og då grip dei til bilen. Dei legg det vil ut på nett for å visa at dei torer, og for å visa seg som ein stor, sterk herremann. For meg verkar det tvert om.