Hopp til innhold

Køyrde på bil bakfrå – stakk av frå staden

Ein personbil har køyrt på ein annan personbil bakfrå i bakken opp mot Florø stadion i Florø. Bilen som køyrde på, reiste vidare.

Stadionvegen

– Vi sikrar først skadestaden og så skal vi prøve å finna føraren av bilen som køyrde på, seier Odd Arve Solvåg, operasjonsleiar ved politiet sin operasjonssentral i Florø.

Politiet etterlyste ein bil i samband med trafikkuhellet.

– Bilen har høgst sannsynleg synlege skadar i fronten og no har vi patruljar ute å leiter etter den, seier Solvåg.

AMK ved Helse Førde melder på Twitter at føraren av bilen som vart påkøyrd tar seg til lokal legevakt sjølv.

Klokka 15.00 melder politiet på Twitter at dei har funne både bilen og føraren av bilen som køyrde på. Føraren er teken med til stasjonen for avhøyr.

Laster Twitter-innhold