Hopp til innhold

Køyrde vidare etter påkøyrsel – risikerer fengsel

Mannen i 20-åra låg kritisk skada i vegkanten. Sjåføren frå Sogn og Fjordane køyrde vidare. Men han har ikkje køyrt aktlaust, meiner politiet.

Politiet undersøker stedet der en mann ble funnet hardt skadd i Herøy

PÅ STADEN: Kriminalteknikarar undersøkte ulukkesstaden om ettermiddagen etter påkøyrsla.

Foto: Bente Anita Pilskog

Det var i desember i 2015 at ein mann i 40-åra frå Sogn og Fjordane køyrde på ein mann i 20-åra i Røyravegen på Herøy i Møre og Romsdal.

Ifølge påtalemakta stogga ikkje mannen frå Sogn og Fjordane etter påkøyrsla. Han køyrde vidare, medan mannen i 20-åra vart liggande att, kritisk skada.

Mannen i 20-åra låg lenge på sjukehus etter å ha blitt funnen i vegkanten på fylkesveg 654 i Herøy.

I dag er mannen invalid og lenkja til rullestol.

– Han har skader fysisk og kognitivt. Ein hovudskade gjer at han har lammelsar og han er avhengig av rullestol, seier bistandsadvokat Therese Boehlke ved advokatfirmaet Ness Lundin.

Therese Lohne Boehlke

BISTANDSADVOKAT: Therese Lohne Boehlke.

Foto: Privat

Tiltale

Vitne skal ha fortalt politiet at dei høyrde eit smell og at dei såg ein bil i området.

Politiet etterlyste ein liten lastebil, og fann sjåføren i løpet av dagen. Sjåføren vart avhøyrd og etter kvart sikta.

Siktinga vart utvida og sjåføren frå Sogn og Fjordane vart varetektsfengsla i ei veke med brev- og besøkskontroll.

No er det teke ut tiltale mot sjåføren, som må møte i retten for brot på straffelova og vegtrafikklova som begge omhandlar å forlate ein annan person i hjelpelaus tilstand utan å stogge for å hjelpe.

Han er ikkje tiltalt for aktlaus køyring.

Den tiltalte sin forsvarar, advokat Robert Fonn, seier klienten hans ikkje vedgår straffeskuld.

– Han var opphavleg sikta for aktlaus køyring. Siktinga er lagt bort og sjåføren har fått tilbake førarkortet av Sunnmøre tingrett, seier Fonn.

Maria Vike Nørve

AKTOR: Maria Vike Nørve.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Sprang mot bilen

Ifølge forsvararen har sjåføren frå Sogn og Fjordane forklart i avhøyr at mannen i 20-åra sprang ut i vegen då han kom køyrande.

Han gjorde ein unnamanøver og trudde han klarte å unngå kollisjon. Etter fem minuttar fekk han ein indikasjon på at blinklyset ikkje var i orden, og gjekk ut for å sjekke.

– Han vedgår at han ikkje har returnert, seier forsvarar Fonn.

Ifølge politiadvokat Maria Vike Nørve ringde ikkje sjåføren og varsla politiet. Men ifølge forsvarar skal han ha gjort arbeidsgjevaren merksam på hendinga og skaden på bilen.

Klaga

Bistandsadvokat Therese Boehlke seier mannen i 20-åra som vart påkøyrd er kritisk til tiltalen.

– Han tykkjer det er vanskeleg å akseptere at mannen som køyrde på han berre er tiltalt for å ha stukke av. Han meiner at det som skjedde under sjølve ulukka også burde vore belyst i ein rettssal. Sjølv hugsar han ingenting, seier Boehlke.

Ho seier mannen vil gå vidare med saka.

– Dette har han klaga inn til riksadvokaten, seier Boehlke.

– Dersom klaga blir teken til følge, kan tiltalen bli endra, seier politiadvokat Maria Vike Nørve.

SISTE ONSDAG ETTERMIDDAG: Riksadvokaten har ikkje teke klagen frå mannen i 20-åra til følge.

Mann funnet hardt skadd i Herøy

ULUKKE: Politiet under arbeidet på åstaden.

Foto: Bente Anita Pilskog