Hopp til innhold

Fekk køyreforbod for alvorlege feil – køyrde vidare

Lastebilen som måndag vart stogga med alvorlege feil på bremser, store oljelekkasjar og stor slitasje i hjuloppheng var natt til i går på vegen att.

Ekvipasjen som var stogga på Folven, på veg ut av landet.

PÅ VEG UT: Sjåføren køyrde den avregistrerte lastebilen tre mil til Nordfjordeid for å laste den på ein trailer for transport til heimlandet. Denne ekvipasjen var forøvrig lovleg.

Foto: Statens vegvesen

Køyretøyet fekk køyreforbod og vart fråteken skilta då det vart stogga på kontrollplassen ved Kjøs.

Sprekker i bremseskivene.

STORE SPREKKAR: Køyretøyet hadde store sprekkar i bremseskivene og vart rekna som farleg på vegane.

Foto: Statens vegvesen

Likevel sette føraren seg bak rattet og køyrde dei tre mila til Nordfjordeid for å laste den på eit vogntog som kom frå heimlandet for å hente det.

– Dette vart gjort for at køyretøyet skulle fraktast ut av landet, seier Svein Arne Henjesand hos Statens vegvesen.

Kan vente seg bot

Lasse Trosdahl, lensmann i Stryn

FORKASTELEG: Lensmann Lasse Trosdahl er glad for at Statens vegvesen lukar ut køyretøy som det ved Kjøs. – Slike køyretøy representerer ein stor fare på vegane, seier han.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Men transporten ut av landet gjekk ikkje heilt som planlagt. På veg mot Strynefjellet vart bilen kjent att og stogga ved Folven.

Føraren av lastebilen kan truleg vente seg ei bot for å ikkje følgje pålegg om bruksforbod og for å køyre med trafikkfarleg og uregistrert køyretøy.

– Det er ein grunn til at vegvesenet tok skilta. Den var ikkje trygg å køyre med, og då skal det stå stille til feila er utbetra. Dette er rett og slett ikkje akseptabelt, seier lensmann i Stryn, Lasse Trosdahl.

Farleg køyretøy

Lensmannen er glad for at køyretøyet er luka ut frå trafikken. Oljelekkasjen i motorrommet kunne ført til brann, medan bremseskivene på framakslingen hadde så mykje sprekkar at dei kunne ha gått i oppløysing.

– Skrekkscenariet hadde vore om det byrja å brenne midt i ein av tunnelane medan den trykker seg oppover Strynefjellet. Eller at det bremseskivene går i oppløysing og han misser bremsene på framakslingen på veg ned frå fjellet, seier Trosdahl.

Kan smuldre opp

Henjesand seier at det er sjeldan dei opplever at sjåførar trassar så klare forbod mot å køyre. Det er heller ikkje ofte at dei ser så alvorlege manglar ved køyretøy.

Oljen rann frå motoren på det polske vogntoget.

LEKKASJE: Oljen rann frå motorrommet.

Foto: Statens Vegvesen

– Når bremseskivene har så mykje sprekkar, og sjåføren bremser, så kan klossane hekte seg i sprekkane. Då går bremsene sunde, seier han.

– Slike køyretøy vil vi ikkje ha på vegane våre. Slike sjåførar vel risikonivået for deg og meg, legg han til.

Burde bede om hjelp

Henjesand seier han er overraska over avgjerda til sjåføren. Statens vegvesen kan nytte hjullåsar for å hindre at køyretøy som har fått forbod blir nytta.

– Han hadde stått og venta der i fleire dagar, men så tok han eit bevisst val og køyrde.

– Hadde dei klart å få lastebilen på vogntoget på Kjøs?

– Det hadde gått med litt hjelp. Han burde spurt om hjelp i staden for å køyre til Nordfjordeid.