Hopp til innhold

Køyrde varebil i alkorus - no må han i fengsel

Varebilen vingla i vegbana og kom fleire gonger over i motsett køyrefelt. Bak rattet sat ein godt rusa 48-åring. No må han sone 21 dagar i fengsel.

Det var i april i år at sunnfjordingen sette seg bak rattet utan å vere edru. Utandingsprøve teke av mannen to timar etter at køyringa fann stad, synte ein alkoholkonsentrasjon på 0,89 milligram per liter luft.

Alkoholkonsentrasjon på over 0,75 milligram per liter luft svarar til ein promille på over 1,5.

Mannen tilstod køyringa utan atterhald då saka var oppe i Fjordane tingrett.

Retten la i skjerpande retning vekt på at mannen hadde hatt svært høg promille, samt opplysningane som kom fram om køyringa til mannen. Køyringa fann også stad over ein viss strekning.

Mistar førarkortet i to år

Retten peika på at allmennpreventive omsyn veg tungt i saker som gjeld køyring i påverka tilstand. Slik køyring er svært farleg, og ein ulykke rammar ofte vilkårleg, og like gjerne uskuldige trafikantar eller fotgjengarar som den som køyrer i påverka tilstand.

Påtalemakta la ned påstand om bot på 64.000 kroner. Mannen mista jobben dagen etter at han vart teken i promillekøyring, og er per i dag arbeidsledig. I lys av dette fann retten det passande å setje bota til 25.000 kroner.

Mannen får heller ikkje lov til å køyre bil dei neste to åra. Han må gjennomføre full førarprøve før han får att sertifikatet.