NRK Meny
Normal

Grisekøyrar vart fakka etter ein time på rømmen

– Verste grisekøyringa eg har sett, fortel augevitne etter at ein mann hasardkøyrde forbi fleire bilar på E39 før han køyrde ut på eit jorde.

Fakka rømling på Jølster

FAKKA RØMLING: Etter rundt ein time på rømmen, fekk politiet omsider lagt grisekøyraren i jarn.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Eit augevitne fortel at mannen i 30-åra var godt synleg rusa då han vart pågripen av politiet like etter klokka 22 ikkje langt frå staden der han køyrde av vegen.

Mannen var uskadd, men blir teken med til lege for blodprøve før han blir sett i drukkenskapsarresten.

– Han vart observert av ein privatperson, og vart pågripen kort tid etterpå utan dramatikk. Mannen er ein kjenning av politiet og heimehøyrande i fylket, seier operasjonsleiar Inge Værøy hos Sogn og Fjordane politidistrikt.

Grisekøyring

Det var etter at vedkommande stal ein bil utanfor Best i Førde. Kort tid etter fekk politiet meldingar om aktlaus køyring på E39 mot Vassenden.

– Eg har aldri sett makan til grisekøyring, eg var livredd han skulle smelle rett i fronten på ein møtande bil, seier ein tipsar til NRK.no.

Med stolen bil grisekøyrde mannen i fleire mil før turen enda på eit jorde. Mannen stakk frå politiet.

LEITA: Politiet leita i rundt ein time etter mannen som grisekøyrde forbi fleire på E39 til Vassenden før dei fakka mannen.

Bilføraren ante fred og ingen fare då han var på veg heim etter fotballkamp med bilen full av spelarar. Men brått fekk han den stolne bilen etter seg i Kusslida i Førde på E39.

– Eg reagerte på at han køyrde så tett opp i rumpa, så plutseleg, like før ein sving, kasta han seg ut og køyrde forbi. Eg visste med ein gong at dette var galskap, seier augevitnet.

Han fortel at bilisten køyrde fort og vinglete. I tillegg gjorde han fleire farlege forbikøyringar på stadar der det ikkje er tilrådeleg å køyre forbi nokon.

– To gongar var han nær å køyre i autovernet.

Bilførar stakk frå politiet

KØYRDE AV VEGEN I SVING: Bilen har køyrt utfor vegen i ein sving ved Langhaugane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Gøymde seg frå politiet

Han trur han var ein av mange bilistar som kontakta politiet om den vanvittige køyringa. For dei unge fotballspelarane gjorde det sterkt inntrykk å sjå galskapen.

– Den eine tok til tårene, og dei andre var svært oppskaka over det dei var vitne til.

Den hasardiøse køyringa enda med at bilen køyrde av vegen ved Langhaugane i Jølster og bilføraren er stakk frå staden. Politiet fann mannen etter omlag ein times leiting.

Laster kart, vennligst vent...

PÅ JORDE: Bilføraren stakk frå staden etter å ha køyrt av vegen.