Hopp til innhold

Køyrde utan sjåførkort

Ein vogntogsjåfør vart meld til politiet og fekk køyreforbod fordi han køyrde utan sjåførkort i fartsskrivaren, då Statens vegvesen i kveld hadde kontroll på Håbakken på E16 i Lærdal. To vogntog fekk gebyr og bruksforbod på grunn av overlast. To andre køyretøy hadde alvorlege tekniske manglar, det eine med alvorleg dekkskade, det andre med bremsefeil.