Hopp til innhold

Køyrde ulovleg og nekta å levere frå seg våpena

Nordfjordingen hadde ikkje førarkort og sikra heller ikkje sauene i den uregistrerte hengaren.

Fjordane tingrett
Foto: Oddleif Løset / NRK

No er mannen i 70-åra dømd til fengsel på vilkår i 30 dagar, og 10.000 kroner i bot for brot på vegtrafikklova og våpenlova.

Allereie i avhøyr erkjende nordfjordingen forholda han måtte svare for i Fjordane tingrett. At han ved tre høve køyrde bil utan å ha lappen, og at han ved eitt høve køyrde traktor. Også det utan å ha lov til det, og alt i løpet av tre månader i fjor.

Ved eine høve frakta mannen ein sau og eitt lam. Dyra var ikkje forsvarleg sikra, slik at eine lammet hoppa av hengaren i fart.

Retten såg straffeskjerpande på at mannen heldt fram med å køyre bil, sjølv om han i politiavhøyr vart kjend med at handlingane var straffbare.

Noko seinare på året fekk politiet fleire meldingar om øvingsskyting frå uroa naboar. Etter ei vurdering vedtok politiet at mannen skulle levere inn våpen, ammunisjon og våpenkort. Men mannen var lite samarbeidsvillig då politiet kom for å hente våpena.

Då dei returnerte med løyve til å ransake eigedomane til mannen, fann dei tre våpen. Eitt våpen i eit gardshus han disponerte, og to i bustaden hans. Mannen vart dermed funnen skuldig i ulovleg og uforsvarleg oppbevaring av våpen.

Retten vurderte det straffeskjerpande at mannen også i 2006 vart dømd for brot på våpenlova.

Av omsyn til mannen sin økonomiske situasjon reduserte retten bota med 5.000 kroner i høve påstanden frå påtalemakta. Fengselsstraffa treng han ikkje sone, dersom han held seg på den rette sida av lova dei neste to åra.