Hopp til innhold

Køyrde til trening med 1,09 i promille

Med ein promille på 1,09 skulle mannen innom NAV, drikke kaffi og gjennomføre ei treningsøkt. Så langt kom han ikkje.

Etter tips frå publikum vart mannen i 60-åra stogga av politiet midt på dagen i september i år.

Sunnfjordingen vedgjekk å ha drukke tre-fire halvliterar med øl på morgonkvisten, men kunne ikkje forstå at det skulle gi eit slikt utslag fire-fem timar seinare.

Mannen nekta straffskuld då han nyleg møtte i Sogn og Fjordane tingrett. Han hevda at han kjende seg edru under køyreturen.

Ifølgje rettsboka oppstod det ikkje farlege situasjonar under den relativt korte køyreturen, men tingretten fann det straffeskjerpande at han i rusa tilstand køyrde gjennom til dels tettbygd strok på eit tidspunkt der det plar vere ein del trafikk.

Derimot fann retten det formildande at alkoholinntaket var situasjonsbestemt då mannen fortvila over at eit nært familiemedlem hadde fått ein alvorleg diagnose.

Sunnfjordingen er tidlegare domfelt og bøtelagd for brot på trafikklova. No er han dømd til fengsel i 30 dagar. Fengselsstraffa slepp han å sone om han held seg på rette side av lova dei neste to åra. I tillegg må han betale 15.000 kroner i bot og klare seg utan førarkort i eitt år og ti månader.