Hopp til innhold

Køyrde sju kilometer i fylla - med stolen bil

Den godt rusa mannen fekk tydeleg beskjed frå politiet om å bli henta, men hadde sjølv heilt andre planer.

Sogndal sentrum

ILLUSTRASJON: Ein mann i 30-åra er dømd for promillekøyring i stolen bil i Sogndal.

Foto: Kjell Arvid Stølen

For mannen sette seg bokstaveleg talt i førarsetet for eigen situasjon i 03-tida denne mai-natta i år.

Med vel mykje alkohol i blodet stal mannen ein bil, og køyrde nær ei mil frå Sogndal sentrum og heim.

– Med ein promille på 1,61 utgjer dette eit stort farepotensial. Sjølv om det ikkje oppstod konkrete faresituasjonar, kunne køyringa enkelt ha medført skade på uskuldige personar, skriv dommarfullmektig Kristine Geirsdatter Celius.

1,61 i promille i 80-sone

Mannen erkjende forholda då han nyleg måtte svare både for bilbrukstjuveriet og promillekøyringa i Sogn tingrett.

Retten såg straffeskjerpande på at køyreturen fann stad på eit tidspunkt der det er mykje folk i sentrum og at den gjekk på veg med fartsgrense på 80 km/t.

– Vidare, i skjerpande retning, vektlegg retten at sikta tok bilen og køyrde heim til bustaden sin, sjølv om politiet kort tid i førevegen hadde gjeve han beskjed om at han skulle få nokon til å hente seg, skriv Celius.

Over dobla bota

Mannen, som er i 30-åra og busett i Sogn, får strafferabatt for tilståinga. Retten gav påtalemakta medhald i at 32 dagar i fengsel vil vere passande.

Derimot meiner retten at påstanden om 17.000 kroner i bot er alt for låg og dømde mannen til å betale 50.000 kroner.

Mannen må også klare seg tre år og to månader utan førarkort.