NRK Meny
Normal

Fekk 10.000 i bot for manglande bevis

Ein mann er dømd til å betale 10.000 kroner i bot etter ha har køyrt ein semitrailer utan gyldig bevis.

Sommaren 2012 blei mannen stoppa i ein rutinekontroll på Håbakken i Lærdal då han køyrde semitrailer med godsskap for ein norsk arbeidsgjevar.

Den utanlandske mannen hadde førarkort for køyretøyet, men mangla gyldig bevis for yrkessjåførkompetanse for godstransport. Samen månad fekk han eit førelegg som ikkje blei vedteke.

Sjåføren har i avhøyr hos politiet forklart at han ikkje visste han måtte ha eit slikt bevis. Men same reglar gjeld også i heimlandet hans og Sogn tingrett meiner difor at mannen ikkje kan skulde på manglande norskkunnskapar. Retten meiner også han som yrkessjåfør har eit sjølvstendig ansvar for å sjekke at han oppfyller krava som blir stilt og at han ikkje kan skulde på arbeidsgjevaren sin.

Mannen møtte ikkje opp då saka kom for retten. Sidan mannen ikkje har kome med tilståinga har han ikkje fått strafferabatt sjølv om det har teke lang tid før saka kom for retten.

Han blei difor dømt til å betale ei bot på 10.000 kroner og må betale 3000 kr i sakskostnader.